Frå Målandsdalen til Forenesvatnet på ski (10.01.2026)
Geschrieben von Kaare_70
Endå ein fin tur til Jarle si hytte ved Forenesvatnet, og endå ein gang ville ungdomane vera med, men nå sjølvsagt på ski. Det hadde ikkje kome noko særleg påfyll av snø sidan dei var over Målandsheia på forrige tur, og me rekna helst med at det var grundig avblåst der oppe etter kraftig vind dagen før. Vind skulle det óg bli neste dag – stormkast utover ettermiddagen – så me la bare opp til eit døgn på tur.
Liarvatnet var utruleg nok ikkje islagt etter to veker med dugeleg frost, så me måtte ha Boremyr i Målandsdalen som utgangspunkt. Start frå parkeringa ved Rv. 13 kl. 1120, og på ski med relativt tunge bører brukte me 1 time 25 min opp til demninga i Sagåna, der me endeleg møtte solstrålene. Det var avblåst her som venta, men me tråkla oss opp mot Målandsvatnet utan å vera nedi altfor mange steinar. Her var det iskald trekk imot, og alle måtte på med ekstra vern mot kulden. Me gjekk på isen langs vasskanten på vestsida, og brått merka me at trekken gav seg og sola fekk litt meir tak – utan tvil turen sitt høgdepunkt for min del!

Over Målandsheia og innom minnesmerket på Brogaheia gjekk det greit på "lyngføre" før me slapp oss ned eit stykke mot Longavatnet. Herifrå skrådde me ned lia i retning Forenesvatnet, som blei turen sitt mest krevande parti. Med lite snø blei det kreativ forsering av einerkratt, rotvelter, steinparti og anna elende – stort sett med skia på! Den relativt korte etappen tok ein halvtimes tid, og då var det godt å koma fram til hytta. Snaut 3 ½ timar på tur mot sist gang 2 ¼ timar på beina, noko som talar for seg om relativt krevande forhold.
Etter å ha fått god fyr i omnen tok eg meg ein tur langs vasskanten til utløpsosen i Forenesvatnet. Det var flott og vintraleg med is på heile vatnet, og for det meste avblåst. Men langs kanten var det stort sett snødekke og fint å gå på ski. Flott kveldslys og mange minneverdige inntrykk, og ikkje liv å sjå av noko slag. Slik i mellomsesong og med Liarvatnet ufarbart var det som venta ingen andre i hyttene her heller.
På turen opp frå Målandsdalen såg me ein dompap hann og det eg helst tenker var ei snøspurv ho oppe ved demninga i Sagåna. Dyrespor i snøen var det ellers mykje av; me såg i alle fall spor etter rev, rådyr, hjort og diverse smågnagarar.













Benutzerkommentare