Sumar, sur vind og solosundag (14.07.2013)

Written by bergteken (Sunniva)

Map
Ascents Røssjøkollane (1,287m) 14.07.2013
Sørvestre Røssjøkollane (1,232m) 14.07.2013
Sørøstre Røssjøkollane (1,266m) 14.07.2013
Vestre Røssjøkollane (1,285m) 14.07.2013
Østre Røssjøkollane (1,274m) 14.07.2013

Nok ein gong fann eg meg sjølv på parkeringsplassen ved innkøyringa til Tronhus ikkje langt frå Lenningen i Gausdal vestfjell. Denne gongen med fjellsko på. Lettvint og kjekt er det når familiemedlem faktisk vil ut på tur. Eg gav meg med mor og tante Kikki innover mot Djuptjørnskampen, som var målet dei hadde sett seg for dagen. Klokka vart halv eitt før me var igang. 13:20 sa eg adjø og farvel og traska i veg i retning Solskiva. Fortsette nordøstover for denne og var kjapt oppe på Sørvestre. Visste ikkje kor god tid eg hadde med tanke på "turfølgjet" mitt og framgangen deira. Dette, kombinert med sur og sterk vind, gjorde at eg held eit relativt høgt tempo med innslag av jogging. Fortsette over Vestre, ned att, over ein sokalla Storkvelv, bratt opp att på sjølvaste Røssjøkollane. Her var eg både i grenseland mellom Gausdal og Nordre Land og mellom frisk bris og liten kuling. Berre å strene vidare mot Østre. Herfrå fortsette eg over Sørøstre før eg kom ned på den fine raudmerka stien som går i retning Leikvamlæger. Eg tok etterkvart av og gjekk over Veslefjellet og kom ned att ved Storlægerplassen. Klokka var no 15: 20 og eg hadde brukt to timar (frå Solskiva) på den fine rundturen. Eg rusla like greitt dei få hundre metrane bort att til bilen. Utan nøkkel var det berre å leggje seg ned nokolunde i le for den sure vinden. Etter niste var det godt å kvile med radio på øyret. Her vart eg liggjande lenger enn eg hadde trudd. 45 minutt etter at eg sette meg ned, kom mor, tante og dei to bikkjene. I bilen heim fekk eg sjokolade, kaffi og tid til å reflektere over ein god dag i fjellet som gav vind, elleve varmegradar, gåsehud på bare leggar, tung pust og fin utsikt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.