Frå Målandsdalen til Tysdal om Forenesvatnet og Bergeheia (30.12.2025)
Geschrieben von Kaare_70
| Besteigungen | Bergeheia (706m) | 30.12.2025 |
|---|
Flott nyttårstur til Forenesvatnet, der ungdomane ville låna hytta til Jarle for helga. Eg var med som guide, og me fekk ein framifrå tur frå Boremyr over Målandsheia og ned til hytta på 2 ¼ timar. Snøfritt i terrenget og opphaldsver, men med frost i myrene som gjorde det lett å gå.
Etter å ha vist dei hytta og hatt ein liten sving nedom Forenesvatnet som var dekt med nokre cm is over det heile, tok eg på heimveg. Bilen min stod nede i Tysdal, og eg la turen beint opp lia til topps på Bergeheia før eg tok meg ned i Grautabotn via Ølskar. Eg nådde hytta på kanten mot Tysdal i tide til solnedgangen og tok meg ned den bratte traktorvegen til gards. Returen var effektiv og tok akkurat 2 timar, til saman 4 ½ timar på tur.














Benutzerkommentare