Vetanosi frå Fodnes (27.12.2025)
Written by Esone (Einar Moen)
| Ascents | Vetanosi (1,133m) | 27.12.2025 15:39 |
|---|---|---|
| Visits of other PBEs | Fodnes kai parkering (10m) | 27.12.2025 12:19 |
Tur til Vetanosi i dag, på stien som Bjørghild presist har namnsett «Vetanosi rett opp». Ein tek av frå stien Fodnes - Fagerset ved ca. 780 moh. Jamnt bratt til 900, og så blir det 50 høgdemeter med enno brattare opp Vetabakkane. Utsikta ved sistnemnde, godt ute av skogen, er formidabel og bør opplevast. Denne tida er det ikkje alltid farbart opp her, då snø og is kan gjere det uframkommeleg/utrygt. No var det kun eit par cm. snø på det brattaste, og den var fast og fin. Grafsa fingrane i lyngen for «firehjulstrekk» nokon stader. Tok på snøkjetting på retur. Det var behov for det, for effektiv og trygg retur, spesielt frå ca. 1050 moh. Når det flata ut oppå, vart det meir baksing i snø. Unngikk noko av det, ved å gå utanom sti, og følgde høgde-draga bort mot topp-punktet. Her er ikkje mykje anna enn toppar rundtom å sjå. Den store opplevinga er utsikta mot fjord-landskapet på turen nedatt. Kvalitets-tur for kropp og sjel.







Benutzerkommentare