Våganipen (07.12.2025)

Geschrieben von ArilT (Aril Torheim) GSM

Startpunkt Sævareidvegen (21m)
Endpunkt Sævareidvegen (27m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 07min
Entfernung 8,9km
Höhenmeter 836m
GPS
Besteigungen Våganipen (819m) 07.12.2025 12:07

Vinteren drog igjen omtrent like raskt som den kom, også eit stykke oppover i fjella. Etter å ha speida mot Bjørnafjorden frå Ulriken dagen i forvegen og konstatert at snøgrensa låg høgt bestemte eg meg for å sikte meg ut ein ny pf. 500 topp i Fusa. Våganipen vart dagens mål.

Eg valgte å gå turen via Hjortedalen då det var det nærmaste startpunktet frå Bergen. God parkering med plass til nokre bilar ved startpunktet.



Turen starta med eit par hundre meter på traktorveg fram til en lunnplass. Like ved lunneplassen traff eg på ein kjentmann som fortalte meg om turen vidare opp. Han fortalte at det var svært bratt når en nærma seg toppen, og at en der kunne risikere å måte gå på alle fire. Spennande!



Etter lunneplassen bar det opp i eit hogstfelt. Her rota eg meg inn i eit elvejuv i staden for å halde høgde opp i hogstfeltet der stien faktisk gjekk. Kom meg tilbake på stien igjen like før brua der denne elva skulle kryssast.



Vidare bar det bratt opp i eit granfelt. Her klarte å gå meg av stien en gang til, då stien ligna mistenkelig på eit elveleie, noko som freista meg ut på å heller følge det som skulle vise seg å vere eit hjortetrakk. Burde skjønt sopass. Eg var jo trass alt i Hjortedalen...
Fann tilbake til stien som var sporadisk rømerka like oppe i granskogen, og frå her var det enkelt å følge den resten av turen.



Granskog vart til bjørkeskog før eg kom ut i åpent terreng mot Bjørndalsetret. Våganipa ruva bratt på mi høgre side. Kunne det verkeleg vere at en måtte ned på alle fire for å kome seg opp?



Vidare mot Henangerskaret var toppen passert og klar til å bli bestiget frå sørsida. Toppen såg betraktelig slakare ut her ifrå, og eg skjønte raskt at kjentmannen nede ved lunneplassen hadde hatt på seg skrytebuksene når han beskreiv det siste kneika.



Kneika gikk knirkefritt og på toppen åpna utsikta seg. Her sto ein virkelig sentralt med utsikt til tidlegare turmål som Rosendalsalpane, Folgefonna, Ulvanosi, Tysnessåta, Mehammarsåta, Sveningen og Tveitakvitingen med fleire.


Rosendalsalpane.
Rosendalsalpane.
Folgefonna.
Folgefonna.
Ulvanosi og Englafjell.
Ulvanosi og Englafjell.
Mahammarsåta og Tysnessåta.
Mahammarsåta og Tysnessåta.

Sikkert ikkje so ofte ein kan gå opp her utan å vasse i snø ein sjuande desember. Sola gløtta til og med fram i det eg åt nista mi på toppen. Aldri so galt at ein varm tidleg-vinter ikkje er godt for noko.



Startzeitpunkt 07.12.2025 12:07
(UTC+01:00)
Endzeitpunkt 07.12.2025 15:15
(UTC+01:00)
Gesamtzeit 3h 07min
Zeit in Bewegung 2h 43min
Pausenzeit 0h 24min
Gesamtschnitt 2,8km/h
Bewegungsschnitt 3,3km/h
Entfernung 8,9km
Höhenmeter 836m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.