Stryn: Kattanakken (10.07.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Melkevoll Bretun (130m)
Endpoint Melkevoll Bretun (130m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 43min
Distance 10.7km
Vertical meters 1,330m
Map
Ascents Kattanakken (1,445m) 10.07.2013

Enkelte toppar er definitivt verdt eit besøk sjølv om dei ikkje ligg i kremtopplister eller diverse primærfaktorlister. Kattanakken er ein flott tur, enkelt å finne fram og god sti til topps. Vi parkerte på Melkevoll Bretun (50 kr avgift). Gjekk mot Briksdalsbreen og tok av på merka sti mot Kattanakken rett før andre brua. Resten seier seg sjølv. Etter å ha passert/gått forbi fleire hundre tungt parfymerkte turistar var det godt å få frisk luft. Heile Briksdalen låg innhylla i ein parfymedis. Hest og kjerre er skifta ut med nymotens grøne golfliknande kjøyretøy. Det er ikkje mykje igjen av Briksdalsbreen. Turistar blir no skyssa rundt på vatnet i gummibåtar. Eit par enkle klyveparti oppover før det flatar ut mot toppen. Har enno ikkje sett kart med høgdeanvisning på denne toppen. Men muleg 1458 kan være riktig. Primærfaktor er kanskje 50 meter? Flott utsikt mot mange kjende toppar i Stryn. Rett over dalen er oppgangen til Oldeskaret, merka frå Melkevoll. Ein kjempeflott tur over til Stardalen.

User comments

  • -
    avatar

    Godvær i sogn

    Written by otto 12.07.2013 22:13

    Ser ut til å ha vært en fin tur. Ikke noe å si på disse bildene..

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.