Eime (08.02.2025)
Geschrieben von ArilT (Aril Torheim)
| Besteigungen | Eime (28m) | 08.02.2025 12:33 |
|---|
Eime
Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden
Etter at vi kom ned ifrå Signalhaugen sendte vi ei melding til Edvin på Kvitsøy for å høyre om han hadde tid til å skysse oss ut til Eime neste dag. Han var dessverre opptatt neste dag, men han hadde tid i dag. Vi avtalte derfor at vi skulle komme ut med neste ferge og møtast på fergekaia. For å slå ihjel litt tid fram til fergeavgangen køyrde vi til Randaberg og kjøpte oss ein kopp kaffe på ein bensinstasjon.
Eime er den lågaste kommunetoppen i Noreg med sine 28 moh, men er ein av dei med mest logistiske utfordringar. Toppen ligg på ei øy utanfor Kvitsøy, så her trengst det båtskyss. Øya er stengt for ilandstigning frå 15.4 til 1.8 på grunn av hekkande fugl. I tillegg må ein ta ferge for å komme seg til ut til Kvitsøy. Flaks for oss at Edvin kunne stille opp når vi først var i området!
På Kvitsøy var Edvin klar med båten sin. Vi hoppa ombord i båten og han satte stødig kurs ut ifrå båthavna. Etter ca. 10 minutt med frisk sjøsprøyt i fleisen var vi komt fram til Eime. Sjøen var noko uroleg, så det blei ikkje til at han slapp oss av på "den vanlige" ilandstignings plassen. I staden prøvde vi oss inn på vestsida av øya.
Det var også litt dønningar på vestsida, men med god timing køyrde Edvin inn båten slik at eg kunne hoppe i land på toppen av ei dønning før han trakk båten ut igjen. Tonje kom i land eit par dønningar seinare.
Frå ilandstignings punktet var det eit par meter klyving opp, før vi kunne spasere over øya og fram til toppunktet.
Kult å kunne krysse av denne eksotiske toppen!
Tilbake på vestsida av øya venta Edvin som skyssa oss trygt tilbake til Kvitsøy. Heilt topp service!
Medan vi venta på ferga tilbake til fastlandet blei det ein liten sightseeingtur i ei turløype ved fyrtårnet på øya, før eit besøk til den lokale kafeen.
| Startzeitpunkt | 08.02.2025 12:33 (UTC+01:00) |
| Endzeitpunkt | 08.02.2025 12:46 (UTC+01:00) |
| Gesamtzeit | 0h 12min |
| Zeit in Bewegung | 0h 12min |
| Pausenzeit | 0h 0min |
| Gesamtschnitt | 2,4km/h |
| Bewegungsschnitt | 2,4km/h |
| Entfernung | 0,5km |
| Höhenmeter | 42m |









Benutzerkommentare