Kjerringfjellet og småtopper (30.09.2025)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Krogedal (230m)
Endpoint Krogedal (216m)
Characteristic Hike
Duration 5h 50min
Distance 12.3km
Vertical meters 769m
GPS
Ascents Akslifjellet (436m) 30.09.2025
Hellefjell (432m) 30.09.2025
Kjerringfjellet (459m) 30.09.2025
Lyngberget (453m) 30.09.2025
Mosaberget (452m) 30.09.2025
Ramnafjellet (404m) 30.09.2025
Rikkafjellet (398m) 30.09.2025

Parkerte på tilrettelagt p-plass før gardane på Krogedal. og begynte å følge tursti til Ramnafjellet. Oversåg trulig skiltinga og endte opp med å følge traktorveg oppover gjennom beitelandskap. Sidan eg ikkje såg sti til Ramnafjellet gjekk eg stilaust til toppen. Vidare austover fulgte eg merka sti mot Svihusvatnet så går på sørisida av Akslifjellet. Resten av turen gjekk eg stort sett stilaust over Kjerringfjellet, Lyngberget, Mosaberget, Hellefjell og Rikkafjellet. Gjekk ned ved utløpsbekken frå Rikkatjørna, og der er det særs bratt i det øverste partiet. For dei fleste vil det nok være betre å gå ned i slakere terreng lenger aust.

Turskilt ved p-plassen på Krogedal. Kråkedal er trulig ikkje rett skrivemåte.

Traktorvegen eg fulgte oppover aust for Krogedal.

På Ramnafjellet med utsikt nordover. Utsiktsvarden står på kanten t.v. Kjølleknuten t.h.

Flott utsikt utover Noredalen. Øykjafjellet 372 t.h.

Frå varden ser man bl.a Storaberget 342, Alisfjellet 315, Vårlivarden 387 og Storavatnet.

Fulgte merka sti austover mot Akslifjellet t.v.

På Akslifjellet med utsikt sørover mot Kjerringfjellet.

Liten varde og nedfalt signalkors/ trigpunkt. Ser Vardafjell 384 med havet bak.

På Kjerringfjellet. Ser Dyrafjellet 484 og konturen av Lysefjorden og litt av Høgsfjorden.

Liten varde på Kjerringfjellet. Bynuten 671 t.v. og Askenuten 462 t.h.

På Lyngberget. Nord-nordaust mot Dyrafjellet 484 med Kjerringfjellet t.v. Reinaknuten 787 og Heiahornet 775 kan ses i det fjerne litt t.h.

På Mosaberget med Lyngberget t.h. Aust-søraust mot Vådlandsknuten 811 i midten og Vølstadnutane 636 t.h.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.