Feios kyrkje - Vik - Vestland (20.05.2025)

Geschrieben von FjellEggen (Jan Eggen) GSM

Karte
Besuche anderer PBE Feios kyrkje (25m) 20.05.2025

Besøkt 18.10
Her er det IKKE Kirkeskip

Feios kyrkje frå 1866, er bygd på Rinde kyrkjestad. Her har vore kyrkjestad sidan kristendommen vart innført i Noreg og kyrkja er truleg den tredje kyrkja på staden. Første skriftlege kjeldemateriale er frå 1323. Leikangerkrusifikset ved Historisk museum, UIB er frå Rinde stavkyrkje og er tidfesta til første halvdel av 1200-talet. Gravplassen ved kyrkja går tilbake til i middelalderen. Arkitekten for kyrkja er Jacob Wilhelm Nordan og byggmeister er Johannes Øvsthus. Kyrkja er bygd i ny-gotikk og sveitserstil. Stilretning og arkitektur har sitt opphav i Eisenach-regulativet frå 1850-talet. Interiøret som benker er frå 1960-talet og orgel frå 1913. Veggene er i umåla tømmer med naturleg elde. Tårnet er pryda med ein tårnhane i kopar frå 1700-talet, brukt om att frå den gamle stavkyrkja. Ei av kyrkjeklokkene har innskrifta: «Eg er vegen, sanninga og livet.»

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.