Tverråtind (05.04.2025)  3

Skrevet av Olavtorgersen (Olav Torgersen)

Startsted Spiterstulen (1100moh)
Sluttsted Spiterstulen (1100moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 6t 15min
Distanse 18,3km
Høydemeter 1268m
Kart
Bestigninger Svellnosbreahesten (2181moh) 05.04.2025
Nørdre Tverråtinden (2210moh) 05.04.2025
Store Tverråtinden (2309moh) 05.04.2025
Vestre Tverråtinden (2288moh) 05.04.2025

I starten følgte eg etter to karar som gjekk ganske langt opp i lia innover Visdalen men det baud på mykje av og på med skia. Det var ikkje så lett å sjå kor lite snø det var når ein kom nedante frå, men seinare gjekk eg nede ved elva, kor det så vidt let seg gjera å gå på snø heile vegen innover. Det verka som dei fleste turlaga tok seg innover mot Tverråbreen. Det var i alle fall ikkje mange som var på Svellnosbreen i dag. Det var rimleg greit å sjå kvar ein skulle gå, og ikkje gå med tanke på sprekkar og slikt. Formen var ikkje alle tiders i dag heller, men med ein del pausar gjekk det no på eit vis. Isøks og stegjarn tok over for skia, midtveges opp Store Tverråtind. Fin topp dette. Sikkert mogleg å gå på ski heile vegen ved gode forhald. Fekk òg med meg nørdre tinden på veg ned. Lekker liten sak. Eg vurderte sterkt å forsøke meg på midtre med, men det såg langt ut i ei blanding av steinrøys og fokksnø. I tillegg var det ein hammar eg anten måtte friklatra eller omgått på anna vis, so han fekk stå for i dag. Knallfin nedkøyring frå breen, og fin "seiling" ned visdalen.
Råkte på nokre svenskar som gjekk i tau over Svellnosbreen. Dei hadde nok køyrt ned Sørrenna på piggen, og gjekk på ski heilt til vestre Tverråtind, og forsvann ned andre sida mot Tverråbreen. Då var eg på veg nedover att, ellers såg eg ingen andre på breen den dagen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.