Ein lang dag i Hurrungane (20.08.2025)

Skrevet av Olavtorgersen (Olav Torgersen)

Kart
Bestigninger Gjertvassoksle (1924moh) 20.08.2025
Vestre Gjertvassoksle (1982moh) 20.08.2025
Gjertvasstinden (2351moh) 20.08.2025
Sentraltinden (2347moh) 20.08.2025
Store Skagastølstinden (2405moh) 20.08.2025
Store Styggedalstinden Vesttoppen (2377moh) 20.08.2025
Store Styggedalstinden Østtoppen (2387moh) 20.08.2025

Ti på halv fire kan eg med tryggleik seia at eg var det fyrste avgarde frå Turtagrø denne fine sumarnatt i juli. Eg tok meg noko betre tid opp til Skagadalen enn eg gjorde i fjor. Då sprang eg opp, men no skulle eg jo gå mykje lengre, so eg heldt meg til det jamne. To timar og ti minuttar seinare stod eg på bandet og byrja opp snøbakkane mot svaene. I fjor var det langt mindre snø her. På toppen av svaene såg eg folk koma etter meg på veg inn svaene. Eg såg ikkje folk før eg var på andre sida, i Mohns skard.
So tok eg meg kring Hjørnet og såg dei historiske galleriene der Heftye, Melheim og Klingenberg fann vegen mot Heftyes renne 145 år tidlegare. Vel oppe på hylla under Heftye, Ullén og Vigdal var eg fast bestemt på å prøve meg opp Heftyes renne. Det var sanneleg ikkje lett å ta seg opp åleine, og kan stille meg bak graderinga 5-, sjølv om denne er omdiskutert. Eg brukte nok eit kvarter, tjue minutt på å klare det. Harald Petersen prøvde å koma seg opp her åleine i 1877, året etter Slingsby si fyrstebestiging, men datt berre ned att. Johannes Heftye, sjølv, vart truleg heist opp av førarane sine, så innstiginga i renna er cruxet her. Det er ikkje farleg å dette ned i forsøk på å koma inn i renna, men å dette når ein har kome opp i renna har ein ikkje råd til, ved mindre ein er sikra.
Fire og ein halv time inn i turen var eg på toppen. Her heiv eg i meg nokre pizzabetar frå Årdal, og tok meg ein liten cowboystrekk før eg for vidare mot Mohns skard. Eg såg to karar på veg mot Vetle, og fleire som kom rekande langs Skagastølsryggen. Det var lettare å navigere seg under Vetle mot Centraltind no enn i fjor, då det var skodde og ikkje visste heilt kor langt opp i lia ein må halde seg. Eg snudde meg eit bel og såg noko av det venaste ein kan sjå: Storen reise seg som eit tårn foran Ringstind og Austabottind i bakgrunnen.

Etter seks og ein halv time var eg komen opp på Centraltind. Eg kom nok litt for langt ned i lia mot Maradalen, som forvanska oppstiginga meir enn nødvendig. På toppen her såg eg folk på nesten alle tindar kring meg; Nørdre, Midtre, Vetle og Storen. Frå Storen høyrde eg jubelrop.
Ned mot Styggedalsryggen var det noko meir krevjande, enn ned frå Storen, men greitt nok opp mot Styggedalstindane. Mellom Øst- og Vesttoppen trefte eg ein engelskmann som skulle ta seg gjennom fyrste del av Hurrungane 2K-maraton. Han forsvann i eit voldsomt Jornet-tempo.
Eg følgte spora til engelskmannen ned Gjertvasskardet og opp mot Gjertvasstinden. Her råkte eg på eit lite taulag som rappellerte seg ned. Engelskmannen hadde funne ei grei renne som forenkla oppstiginga. Føret var nokso usikkert med eit sørpelag oppå ein glatt blåis, so eg ville ikkje nedatt Gjertvassbreen. Då eg var komen opp på toppen, etter dryge ti timar på tur, var eg dessutan ferdig med risikotaking for i dag so eg valte ryggen ned mot Gjertvassdalen, og Styggedalen heim.

18 timar, 35 km og 2770 høgdemeter seinare var eg komen attende til Turtagrø. Eg la meg støl som aldri før bakpå planet på Hiluxen og sovna umiddelbart med eit lite smil om munnen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.