Uranostind - sørryggen (26.09.2025)  4

Geschrieben von Olavtorgersen (Olav Torgersen)

Startpunkt Koldedalen (1.202m)
Endpunkt Koldedalen (1.202m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 5h 30min
Entfernung 16,3km
Höhenmeter 1.286m
Karte
Besteigungen Slingsbytinden (2.028m) 26.09.2025
Uranostinden (2.157m) 26.09.2025
Uranostinden S1 (2.037m) 26.09.2025
Uranostinden S2 (2.048m) 26.09.2025

Burdagstur til Uranostind.
Eg har lenge ynskt meg opp her frå då eg var på Falketind med bror for nokre år sidan. Det var særs lite snø for årstida, berre eit lite dryss som var fire dagar gamalt. Eg var difor nokså sikker på at sørryggen kom til å vera turr nok til å gå opp utan tau. Det at Apetor har gått opp sørryggen åleine er i seg sjølv ingen indikator på at det var trygt nok, men etter sumarens turar skulle vel dette gå.
Eg køyrde på snaue tre timar heimante på Geilo til Koldedalen. Ingen skyer og snautt nok noko vind. Det var nokre få bilar i Koldedalen, men langt frå så mykje det kan vera. Eg brukte cirka to timar til sørtoppen og 2,37min til hovudtoppen. På skardet mellom sør- og hovudtoppen såg eg eit taulag oppover ryggen, som eg passerte. Fire trøndarar, som skulle gå breen ned att. Det var ei ekstra utfordring å passere dei utan å forstyrre dei, men det er heldigvis fleire moglegheiter der. Fin klyving og småklatring. Mange gode tak heile vegen, men openbert ikkje alle steinar ein kan stole på. Luftig topprygg for ein seia, men eg fekk sett meg ned i snøen der og åt nista mi. Nordsida var nesten heildekt av snø, so då tok eg på stegjarna. Ein snøggtur om Slingsbytinden måtte sjølvsagt med, før eg skeinte ned til Urdadalsbandet og vestsida på Urdadalsvatnet heimatt.
So venta raka vegen til Røyken for bursdagsfeiring.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.