Botnafjellet (05.10.2025)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
Bestigninger | Botnafjellet (1572moh) | 05.10.2025 |
---|---|---|
Eggane (1069moh) | 05.10.2025 | |
Andre besøkte PBE'er | Kandalstøylen p-plass (480moh) | 05.10.2025 |
Etter uværet Amy var det meldt fint vær store delar av dagen. Køyrte til Kandal og parkterte ved Ytre Kandalsstølen. Lett tur innover dalen med god merking. Fulgte stien bratt opp mot Øykjeheivatnet. Oppe ved Øykjeheivatnet forstod eg at eg skulle eigentleg ta av litt før og følge ein sti, men den var ikkje like tydeleg. Gjekk langs Øykjeheivatnet og tok så opp lia og inn på merkt sti igjen opp mot ryggen av Botnafjellet. Godt merkt vidare oppover den bratte ryggen til toppen.
Vindstille og fint på toppen i dag. Etter kvart kom det litt meir vind og litt meir skyar, så det var om å gjere å komme seg ned før regnet kom. Nede i botnen sikta eg meg opp mot Eggene og gjekk opp dit før eg sikta med ned mot hytta ved Øykjeheivatnet og vidare ned dalen mot bilen.
Hadde litt flaks då eg traff på eit par, som akkurat skulle til å køyre nedatt og på den måten vart turen gjennom grindane straks litt enklare.
Kommentarer