Gjerlandsheia og Ramnenipa (27.09.2025)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 51min
Distance 11.7km
Vertical meters 942m
GPS
Ascents Gjerlandsheia (1,026m) 27.09.2025
Ramnenipa (1,190m) 27.09.2025

Starta frå Nes i Haukedalen og gjekk oppover traktorvegen til Nesstøylen. Tenkte å prøve å komme meg opp på ryggen på Gjerlandsheia. Fulgte nokre dyretråkk oppover og inn i bjørkebuskene. Ikkje særleg kjekk oppstiging. Etter å ha krangla meg gjennom nokre busker kom eg opp på høgd og fann etter kvart ein teneleg sti.
Fulgte denne til toppen av Gjerlandsheia.
Sikta meg så opp mot Ramnenipa og hadde ein kort stopp der før eg gjekk nedatt. Prøvde å finne stien eg fann ned frå Ramnenipa sist. Fann den lenger nede. Det viste seg at eg hadde tatt for mykje austover då eg gjekk nedover lia. Siste stykket ned mot Nesstøylen var på fin sti. Dersom eg skal oppover ein gang til, føl eg stien oppover frå stølen og oppover. Det trur eg må være det enklaste.

Ramnenipa sett frå Gjerlandsheia
Ramnenipa sett frå Gjerlandsheia
Nesfjellet sett frå Gjerlandsheia
Nesfjellet sett frå Gjerlandsheia
Gjerlandsisvatnet sett frå Ramnenipa
Gjerlandsisvatnet sett frå Ramnenipa
Isvassnipa sett frå Ramnenipa
Isvassnipa sett frå Ramnenipa

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.