Haram: Goaldet og mykje anna, pf 100 m komplett (27.06.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Hike
Vertical meters 1,390m
Map
Ascents Fillingen (125m) 27.06.2013
Goaldet (490m) 27.06.2013
Mannen (351m) 27.06.2013
Myskjafjellet (181m) 27.06.2013
Sakshamarhaugen (162m) 27.06.2013
Skulen (492m) 27.06.2013
Tuva (57m) 27.06.2013

Siste dag på Sunnmørsraidet. Dette vart ein forferdeleg dag. Overnatta i Brattvåg hos kjentfolk, der var det sjukdom i huset, noko eg skulle få merke utover dagen.

Tur 1: Skulen frå Legerimma, fin sti oppover. Mykje skodde såg ikkje driten på toppen.
Tur 2: Sakshamarhaugen opp dalen frå nordvest. Bukkemark d lux. tuer, lyng og einer som eg er så veldig glad i; NOT
Tur 3: Mannen. Hadde tenkt å gå denne frå fjorden men kjøyrde veien over øya. Kjende no på kroppen at noko var hakkande gale. Kort rusletur, skodde her og.
Tur 4: Myskjafjellet frå idrettsanlegget. Her var det fotballskule. Trakka rett opp i ein gammal kjenning frå Voldatida, overraskande for begge.
Tur 5: Fillingen på Lepsøya kjappt opp frå veien.
Tur 6: Goaldet, siste 100-metring i Haram kommune. Her hadde Brattvågkompisen min avtalt møte med ein turkar til meg. Han skulle til Tafjordfjella så det vart eit kort treff. Han fulgte meg eit stykke oppover. Planen var at han skulle skysse meg med båt over til Hestøya etterpå for å ta Klimpen. Det gjekk ikkje, men ein ny kar stilde seg til disp. Turen til Goaldet vart eit helvete. Eg verka i heile kroppen og magen kjendest ut som ei kjempebombe. Eit ærend bak nokre steinar bekrefta at det var rusk i maskineriet. Vel nede på fergekaia måtte eg legge meg bak i Hiacen og kvile litt.
Tur 7: Klimpen. Kristian venta ved moloen, fekk på meg ein dress og så freste vi utover til Hestøya. Kom oss i land på sørvestsida i le for den forferdelege nordavinden. Gjekk i ørska oppover medan han venta i båten. Dressen var jækla heite. Det passa glirmande med ferga tilbake til fastlandet.

Turen til Nordfjord vart alt anna enn festleg. Rakk akkurat fergetoalettet på Volda fergekai. Glad det ikkje var andre i ventelokalet. Vel heime var det rett til sengs der eg vart liggande i 2 dagar heilt utslått.....

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.