Midsund: 7x pf 100, komplett liste! (25.06.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Nord-Heggdal
Endpoint Nord-Heggdal
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 27min
Distance 23.3km
Vertical meters 2,125m
Map
Ascents Grøtet (698m) 25.06.2013
Heggdalshornet (684m) 25.06.2013
Manfjellet (668m) 25.06.2013
Myrsethornet (670m) 25.06.2013
Opstadhornet (737m) 25.06.2013
Ræstadhornet (729m) 25.06.2013
Skåla (607m) 25.06.2013

Midsund på eit døgn

Kom frå turar til Harøyburet/Æafjellet og hadde tenkt å overnatte hos ein studiekamerat i Brattvåg og ta Midsund dei 2 neste dagane. Været var blitt meget bra utover ettermiddagen og beina kribla etter å trakke litt seriøst til etter ein sløvedag som starta med kajakktur til Svinøya i Ålesund + desse 2 lave øytoppane. Kunne det være muleg å rafse over heile Midsund på ei kveldsykt og dagen etter? Eigentleg er eg ikkje så glad i desse dagane der ein går åleine og pressar på for å rekke ditt og datt, men ein gang av og til blir det berre slik. Tok ein tlf til kameraten og ferja direkte vidare til Dryna.

Kveldsykt

Tur 1: Kom til Dryna 1810, la i vei 5 min seinare. Fulgte vei oppover eit stykke før eg tok rett opp mot ryggen. Enkelt vidare til Drynjahatten.

Tur 2: Parkerte på høgste punkt nord for Rossfjellet. Trakka til gjennom tuer og vegetasjon til toppen. Ikkje det heilt store.

Tur 3: Parkerte i Leirvika, ved ei lita elv er det merka rute til Bløkallen. Dessverre skodde frå ca 300 m, men greitt å finne fram. Vind og surt på toppen, skodda letta såpass at eg såg fjorden. Gjekk ned til GPS viste ca 350 moh, vidare nord for Bløvatnet til Litlekulten. Retur same veg ved hjelp av nymotens orienteringsverktøy.

Tur 4: Parkerte på Sør-Heggdal der veien startar til Midsundvatnet. Eit ektepar kom ruslande frå tur til ei postkasse oppi lia. Kona avslørte kvar ho kom frå med uttrykket "fole". Jaudå ho var frå Dravlausbygda i Dalsfjorden/Volda kommune. Kom meg avgarde ca 2200, peisa på oppover veien som vart gradvis dårlegare. Ikkje kjøyrbar. Gjekk etter kvart rett opp lia mot Blåhammaren. Skodde og tiltakande nedbør. Resten av turen vart kompass og GPS på klokka brukt flittig. Vidare mot Digergubben fann eg ein godt brukt sti. Siste topp vart Klausethornet rundt midnatt. Kom tilbake til bilen ca 0050. Mekka ein Real som eg fekk ned ved hjelp av ei øl. La meg godt tilrette i påsan bak i Hiacen og høyrde regnet tromme mot biltaket. Håpte på bedre ver dagen etter, ellers kom dette til å bli hardt for psyken.

Kart med dagens 7 toppar godt markert.
Kart med dagens 7 toppar godt markert.

Dag 2

Vakna til regn....kjøyrde likavel til Nord-Heggdal og parkerte. Veret letta litt men skodda låg nedpå. Skilting på austsida av elva "STIKK UT"... javel, ikkje veldig informativt. Ville heller hatt eit skilt med Oppstadhornet eller liknande. Gjekk frå Reiten opp skogsvegen til eg fann eit skilt med Myrsethornet. Først no bestemde eg meg for kva veg eg skulle gå, og det var eit lukkeleg val. Delvis sti oppover men den forsvann etterkvart. Gjekk til slutt rett mot toppen. Vidare over Manfjellet og Grøtet i skodda. Frå Ræstadhornet letta det ein del og eg såg toppane vidare. I skaret mellom Grøtet og Ræstadhornet gjekk eg rett ned mot Mørkevatnet og kryssa elva i utosen her. Fann her god sti oppover eit stykke. Lett til Skåla og vidare til Oppstadhornet. Her fekk eg utsikt mot fjorden og den stilige øya Tautra. Siste topp vart Heggdalshornet og no var eg glad for å stå her til slutt. Under eit døgn sidan eg stod på Drynjahatten. Returen vart i rett linje mot bilen austover ned ryggen. Veldig fint og lett å gå her, open og ryddig skog ned mot bebyggelsen. Ein kjapp titt på ferjeruta sa meg at eg kunne kanskje rekke ferja 1925. Det gjekk akkurat på håret, dei løfta opp bommen i det eg kom susande mot kaia. Takka og bukka. Svinga rett på kebabsjappe i Brattvågen. Fotodokumentasjon er dårleg sidan kameraet låg i bilen. Ikkje det heilt store med skoddebilder av delvis uinteressante toppar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.