Sveddalstinden (13.08.2025)
Written by ddmbeast (David Dagestad Myklebust)
Ascents | Sveddalstinden (1,040m) | 13.08.2025 |
---|
Parkerte ved Moasyøylen. Det var ikkje enkelt å kome tørrskodd over elva ut frå start, kunne kanskje brukt meir tid på å finne ei naturleg bru. Det såg relativt buskete ut oppover, men turfølge vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) satte ei seig og målretta fart oppover og då var det berre å prøve å følgje på. Vi haldt oss sør for gjølet, litt i sauetrakk, ein del i kratt, bregne og gras. Det var ganske bratt og vått, så det var godt å kome opp i slakare terreng før vi sikta oss opp i det tøffe skaret mellom Sveddalstinden og Nordre Raudfonntind. Vidare direkte til topps! Vakkert skue i alle retningar!
User comments