Trollsteineggje++ (07.09.2024)

Written by ArilT (Aril Torheim) GSM

Start point Veodalen parkering (1,327m)
Endpoint Veodalen parkering (1,327m)
Characteristic Hillwalk
Distance 37.7km
Vertical meters 2,300m
GPS
Ascents Dronningje (2,189m) 07.09.2024 08:18
Grotbreahesten (2,016m) 07.09.2024 08:18
Gråhøe (2,154m) 07.09.2024 08:18
Svartholshøe (2,067m) 07.09.2024 08:18
Trollstein-Rundhøe (2,170m) 07.09.2024 08:18
Trollsteineggje (2,295m) 07.09.2024 08:18
Trollsteineggje S0 (2,262m) 07.09.2024 08:18
Trollsteineggje S1 (2,250m) 07.09.2024 08:18
Trollsteineggje S2 (2,215m) 07.09.2024 08:18
Austre Trollsteinhøe (2,095m) 07.09.2024 08:18
Store Trollsteinhøe (2,201m) 07.09.2024 08:18
Søre Trollsteinhøe (2,161m) 07.09.2024 08:18

Trollsteineggje++

Årets siste tur til Jotunheimen starta frå Veodalen parkering etter ein køyretur i soloppgang over Strynefjellet. Hadde ikkje vert i området her tidligare, men kunne hugse å ha sett ei stilig høgtliggande egg nedanfor Glittertind på skituren over 2000 meterane på Lomseggja tidligare i år og frå skituren til Kvitingskjølane i fjor.

Eg hadde ikkje bestemt meg for eksakt rute, men heller å sjå an formen undervegs. Etter å ha spasert innover Trollsteinkvelven i nydelig og veldig lettgått terreng nådde eg urda som eg skulle tilbringe mykje av dagen vidare i. Frå her sto valget om å ta turen oppom Grjotbreahesten eller la den stå igjen til seinare. Eg vurderte det som lite trulig at eg kom til å orke å gå opp på den seinare på dagen, så for å unngå at den blei ståande igjen ubesøkt blei det først et besøk til denne brehesten.

Etter å ha passer ein god del laus urd og gått langs breen kunne eg bestige Grjotbreahesten fra sørvest ryggen. Hadde brukt 2 timar og 20 minutt opp hit, og allerede gått 10,5km. Dette kom til å bli en laang tur.

På toppen her var det dekning, så eg kunne ringe heim å informere om posisjon, og kor turen gjekk vidare. Det frista voldsomt å spasere over til skaret mellom Trollsteinrundhøe og Dronningje, men sidan dette innebar brekryssing og eg var åleine utan verken stegjern eller øks måtte eg gå den lange veien rundt.



Turen rundt Trollsteintjønne og opp til Svartholsglupen gikk veldig greit, men i motbakkane mot Svarholshøe begynte det å bli tungt. Melkesyre og høg puls slo inn etter sikkert litt for lite inntak av væske og kaloriar, og sikkert litt for høgt tempo opp til Grjotbreahesten.

Stempla inn på Svartholshøe og Trollsteinrunde før eg nådde skaret nedanfor Dronningje. Såg rett over tilbake på Grjotbreahesten herfra. Litt over 2 tima hadde eg brukt på omgåelsen.



Etter å ha besøkt Dronningje byrja terrenget å bli litt meir spennande. Gjekk her langs stupet mot Grjotbrean og traff etter kvart på klyvepunktet som er merka med en grøn trekant på 2000 kartet. Litt utfordrande til å være grøn trekant, men det gjekk heilt fint.

Passerte vidare i underkant av Trollsteineggje for å besøke S1 og S2 først. På veg dit måtte eg passere ei stilig egg og nokre enkle klyvepunkt. På S1 og S2 sto rett i underkant av Glittertind, og eg kunne høyre og skimte folka som sto på toppen, 250 meter lengre oppe.

Eg hadde vert ute i 6 timar og gått nesten 2 mil når eg her nådde "snupunktet" på turen.



På toppen av Trollsteineggje vart det ei god pause med skjever, sjokkiss og cola. Colaen smakte heilt fantastisk.

Denne toppen var ny pers i "høgaste topp bestigning" med 2300 meter på kartet, og dermed også første av "Stortoppane". Toppen har seinare blitt nedjustert til 2295 meter, men det var fortsatt ny pers.

Rå utsikt med bre på alle kantar, Galdhøpiggen i vest og Glittertind i sør.



Ikkje lenger etter å ha starta på returen møtte eg to personar som var på veg oppover. Dette var det einaste tegne til mennesker eg såg heile dagen, med unntak av dei eg kunne skimte på toppen av Glittertind.

Tilbake ved Svartholsglupen sto eg framfor dagens siste vegvalg. Det kunne jo ikkje være så mykje lenger å gå over Trollsteinshøene tilbake til bilen etter at eg først hadde forsert høgdemeterane opp til Gråhøe?

Klokka var blitt halv 5, og det var fortsatt mange timar til det vart mørkt. Mat hadde eg, og drikke hadde eg fått fyllt etter å ha funne smeltevatn på noken sva. Dei fire toppane friste for mykje, så eg satt kurs opp mot Gråhøe.

Det var seigt som berre denne bakken, men etter dette var det ikkje mange motbakkane som gjensto over Trollsteinhøe platået



Passerte ein flokk reinsdyr på veg til Søre Trolsteinshøe og spaserte vidare lett over til Store Trollsteinshøe før eg etter knappe 10 timar satt på dagens siste topp, Austre Trollsteinhøe, eller Finnshalsnobbe som den også blir kalla. Deilig å kjenne på gleden over at alle toppane var i boks, og at det no berre var nedoverbakke til bilen.

Nøyt ettermiddags stemninga her ei lita stund med utsikt mot Nautgardstind og Besshøe i det fjerne.



Etter dagens siste nedstigning i urd var det fantastisk å nå tilbake til Trollsteinkvelven og endelig kunne lange ut over lettgåtte flater. Sola var no på veg ned, og horisonten lyste opp i oransje.



Tilbake i bilen hadde eg heldigvis kjøpt inn rikelig med snop for kjøyreturen tilbake til Vestlandet. Både sjokolademelk, cola og energidrikk var slukt lenge før eg nådde Riksveg 15.

Perfekt avslutning på Jotunheimsessongen!



Start date 07.09.2024 08:18
(UTC+01:00 DST)
End date 07.09.2024 20:10
(UTC+01:00 DST)
Total Time 11h 51min
Moving Time 10h 38min
Stopped Time 1h 13min
Overall Average 3.2km/h
Moving Average 3.5km/h
Distance 37.6km
Vertical meters 2,360m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.