Fuglafjellet (01.09.2024)
Skrevet av ArilT (Aril Torheim)
| Startsted | Kvamskogen (391moh) |
|---|---|
| Sluttsted | Kvamskogen (366moh) |
| Turtype | Fjelltur |
| Turlengde | 7t 34min |
| Distanse | 22,0km |
| Høydemeter | 1290m |
| GPS |
|
| Bestigninger | Fuglafjellet (1334moh) | 01.09.2024 09:44 |
|---|
Fuglafjellet
September måned starta med blå himmel, og vi tenkte å bruke dagen til å bestige Fuglafjellet. Eg hadde vert i 30. års kalas dagen før, men avslutta kvelden i fornuftig tid for å kunne nyte søndagen.
Vi hadde vert på veg mot Fuglafjellet på ski frå Hamlagrøvatnet vinteren året før saman med Silje og Magnar, men grunna litt surt vêr vart det heller lagt om til ein søndagsskitur til Vendingen.
Turen denne dagen gjekk frå Kvamskogen. Vi parkerte ved ein gammal skiheis, kor også ei rute til Vendingen starta.
Første 5 kilometrane inn Steinkvanndalen gjekk på grusveg. Her hadde det vert fint med sykkel, i alle fall på returen!
Ved Øvrekvanndalen gjekk grusvegen over i sti. Vi fulgte hoved stien mot Vendingen i ca. 5-600 meter før vi tok av på ein annan sti som gikk bratt oppover i retning Kvitebekkstjørna.
Vi kom først til eit mindre vatn der utløpet gjekk gjennom eit smalt juv som vi måtte hoppe over. Full konsentrasjon og god satts på Tonje i det ho hoppa over her. Det hadde vert ein klaustrofobisk opplevelse å dette ned i her,
Vidare forsvant stien og vi måtte ta oss opp dagens mest ulendte oppstigning, opp ei slukt med ekte bukke-terreng! På returen gjekk vi her litt lenger vest, oppe på ryggen ovanfor slukta. Det opplevdes som det beste alternativ av dei to.
Ved Kvitebekkstjørna vart stien tydlig igjen. Etter ei slak oppstigning tok vi av bratt i nordaustleg retning. Frå her fulgte vi eit GPS spor som slyngte seg gjennom ein liten labyrint av ulike hyllesystem mot toppen.
Frå toppen kunne vi nyte en virkelig flott dag med utsikt over store delar av Hordaland. Det blei ei god pause her med real turmat i solsteiken.
På returen vart det også eit forfriskande bad i ei elv med iskaldt med fjellvatn.
Med det var det som skal være en av Hordaland sine meir kronglete kommunetoppar kryssa av på lista.
Takk for turen!
| Starttidspunkt | 01.09.2024 09:44 (UTC+01:00 ST) |
| Sluttidspunkt | 01.09.2024 17:18 (UTC+01:00 ST) |
| Totaltid | 7t 34min |
| Bevegelsestid | 6t 29min |
| Pausetid | 1t 05min |
| Snittfart totalt | 2,9km/t |
| Snittfart bevegelsestid | 3,4km/t |
| Distanse | 22,0km |
| Høydemeter | 1289m |






















Kommentarer