Nummestolane og Rambertinden (29.07.2025)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Hjorthaugrana (1,072m) | 29.07.2025 |
---|---|---|
Nummestolane (1,640m) | 29.07.2025 | |
Rambertinden (1,623m) | 29.07.2025 | |
Visits of other PBEs | Grønsberg p-lomme (445m) | 29.07.2025 |
Værmeldingane var greie i dag og eg fann ut eg skulle besøke eit av toppane som har stått på ønskjelista lenge. På veg til Sogn såg det betre ut enn i Førde, så dette var lovande. På ferga hang det framleis ein tåkedott på Rambera. Men eg tok sjansen på at det letta etter kvart.
Parkerte ved parkeringslomma etter Grønset (som truleg ikkje er så populært for lokale).
Gjekk frå parkeringslomma og oppover vegen mot Nummedalsstølane. Ikkje så veldig kjekk veg å gå opp, men men.
Tok sikte på Hjorthaugrana og fulgte ryggen oppover mot Rambertinden. Det var greitt å ta seg opp til høgda. Etter kvart fann eg varda sti mot Rambertinden. På toppen vart eg ynskt velkommen av ei sau og eit lam, som sikkert var frykteleg nysjerrig på kva vesen som kom der.
Etter ein liten lunsjpause gjekk eg vidare til Nummestolane. Etter kvart letta tåka frå toppen og det vart fint å gå oppover.
Etter ein liten stopp på Nummestolane bar det nedatt til bilen. Eg fann ut eg skulle prøve å følgje vardinga frå høgda og nedover. Dette gjekk eigentleg ganske greitt, litt gammal merking, men ok å følgje. Nede i Stuasetbotnen traff eg på nokre veldig nysjerrige sauer. Desse ville ikkje sleppe meg av gårde utan seg i hælane. Etter kvart fekk eg rista av meg dei. Frå Stausetbotnen vart stien mindre merkt, så då var det berre å sikte seg inn på Nummedalsstølane og vegen tilbake til bilen.
User comments