Dronninga blant Hordalandsfjella (15.06.2013)

Written by bergteken (Sunniva)

Map
Ascents Melderskin (1,426m) 15.06.2013

Turhelg kor eg køyrde tilsaman 900 km. Ikkje heilt slik eg normalt gjer ting, så det må seiast at det ikkje eigentleg gjekk som planlagt. Likevel har eg hatt ei fantastisk helg.

Reiste frå heime fredag etter jobb og skulle møte Kristine på Haugastøl, Hardangervidda. Dette er omtrent like langt for oss båe, sidan me kjem frå kvar vår kant av landet. Planen var ei roleg helg med telt, Lordehytta og kanskje Folarskardnuten? Rett før Leira ringte Kristine og fortalde at bilen hennar var øydelagt. Difor køyrde eg like så godt over heile Vidda, ned i Eidfjord, gjennom vakre Hardanger til Odda, gjennom Folgefonntunnellen og vidare til Rosendal. Hit hadde Kristine kome seg ved hjelp av ymse kollektivtrafikk. Seint på kvelden kunne me slå opp teltet på Løvfall camping.

Laurdag morgon vakna me til særdeles pent vêr. Det vart ein lang og god frukost med fjordutsikt. Kring elleve bestemde me oss for å prøve å bestige Melderskin, ein ruvande topp midt i det sørlegaste alpine landskapet i Noreg. Det var høgstdag då me tusla i veg oppover dei bratte bakkane som etterkvart gjekk over i bratt ur. Det flata ut innover mot Hålo, kor snøfonnene låg store. Utsikta var formidabel i det gode vêret. Før me kunne verte nærast mållause av utsikta frå toppen, venta ei siste bratt ur. Då me såg den flotte varden frå 1913, fekk me opp farta på den siste flata. Folgefonna og alle kringliggjande nutar og tindar strålte mot oss. Også ei annleis utsikt for meg, med fjord, øyer og hav. Me vart lengje på toppen og beundra naturen og landskapet rundt oss. Då me omsider rusla ned att, tok me det verkeleg med ro og kl åtte var me nede ved bilen att. På veg attende til Løfallstrand handla me i Rosendal, slik at me kunne tilbrede ein betre middag kor kveldssola over fjorden utgjorde bakgrunnen.

Sundag køyrde me i lag til Stord, kor besteforeldra til Kristine serverte nydeleg middag. Kvart på tre måtte eg køyre nordover mot Lærdal før eg tok over Filefjell, gjennom Valdres og vidare heim. Eg skal nok attende til vestlandet og alle dei spanande fjella eg såg der.

Takk for ei herleg helg og ein flott tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.