Keipen juni 2013 (16.06.2013)  3

Written by Ingodingo (Inge-Andre Johansen)

Start point Erstad (40m)
Endpoint Erstad (40m)
Characteristic Hike
Duration 6h 00min
Distance 15.7km
Vertical meters 1,180m
Map
Ascents Gjerdekollen trig. pkt. (708m) 16.06.2013
Keipen (1,126m) 16.06.2013
Storfjellet (838m) 16.06.2013

For ein gongs skuld var det fint ver under Sykkylvsdagane. Alt dugnadsarbeidet var unnagjort dagen før, so søndagen skulle brukast til ein fjelltur. Optimistisk nok gjekk eg rett opp gjennom Gaddeskogen. Eg gløymer kor ugjennomtrengelig buskaset er for kvar gong...Men etter to timar med basking står eg på Gjerdekollen og kan ete niste. Opp på Storfjellryggen er det enkelt med litt småklyving. Videre mot Keipen legg eg merke til at tåka kjem inn frå havet. Eg er redd dette kan bli tredje forsøk på Keipen uten å få utsikt. Når eg kjem dit ryggen blir til ein kvass egg har allereie tåka samla seg runt hovudet mitt! Eg hadde også gløymt kor kvass og luftig denne egga er, men det er enkelt å klyve egga til topps. Eg er heldig å få glimt av utsikt gjennom opningar i tåka. Ned att velg eg å gå vegen om Jolgrøkollen då snøsmeltinga har kome sopass langt at eg slepp å vasse i snø. Sjølvsagt må det med at eg på denne turen har raska med meg 7 poeng på VIL sin trimpost på Dammen, ein tur til Turvandraren i Sykkylven sitt mål Riksheimsætra, og Fjøre til fjells sitt mål Gjerdekollen...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.