Tuftanovi - Kvitaberg / Jostedalsbreen - Luster (23.07.2025)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Tourlänge 12h 16min
Entfernung 27,8km
Höhenmeter 2.405m
GPS
Besteigungen Nordvest for Kjerringdalen (1.539m) 23.07.2025 11:42
Kvitaberg Vesttoppen (1.468m) 23.07.2025 11:42
Tuftanovi (1.643m) 23.07.2025 11:42
Øst for Tuftanovi (1.608m) 23.07.2025 11:42

Dette vart ein tur med mange spennings moment! Kanskje litt i overkant med ulike moment!
Planen vart å låne SUP brettet til Miriam for å padle over den korte distansen over Veitastrondsvatnet. Det var tenkt at det var eit lettpakka framkomst middel i staden for kajakkane, denne gangen for den korte distansen. Veret såg i utgangspunktet ut til å bli bra for ein SUP tur.
Turen over på morgen gjekk som planlagt med litt utfordring i å finne balanse for to. Men, vi kom over på den andre sida.
Vi fulgte den bratte anleggsvegen så langt som den gjekk i tropevarmen opp til Kjerringedalen og mot Kjerringesstøl.
Det vart svalere opp mot toppane rundt Kjerringdalen. Det vart etterkvart meldt ettermiddags byger med utrykt for tordenver og det vart å følge ekstra med på yr i dekning og dei etterkvart veldig mørke skyene som bygde seg opp i det fjerne.
Ifrå siste fjelltoppen Nordvest for Kjerringdalen 1539 var veret med lynglimt etterkvart nærmare.
Det gjekk nedover i ulendt terreng så fort ein kunne og det var ein lettelse å nå støylen ved demningen.
Verre var det korleis enn skulle komme seg over Veitastrondsvatnet i kvelds skyminga og tordenveret.
Det vart å forberede seg på å legge seg inn på verandaen til ei av hyttene som låg ved vannkanten til uveret hadde løyet!
Vel nede til vatnet hadde veret roa seg litt og det vart vurdert at det kunne gå å padle seg over til bilen igjen i skumringa.
Heilt greit at det ikkje var nokon som fekk med seg dette spenningsmomentet!
Storslått tur på mange vis og eit heller mindre bevandra natur og fjellområde!
Dette vart ein tur som som eg har stor sans for av ulike grunner! Det å utforske egne valg mot eit fjellområde som er lite besøkt. Gir hjerte og natursjela glede og velge sine eigne stier i storslått og magisk natur.
Naturkreftene kjenner ein stadig på og dei skal ikkje takast forgitt! Dei ligg tungt i mente når planane og måla blir vurdert og tenkt.
Men, forbredt kan ein aldri likevel bli i så vill og mektig natur!
Det bør ein også ha i mente!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.