Os/Tolga: Kremtopp Thommesen? Javel? (16.06.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Ved bommen ca 870 moh (870m)
Endpoint Ved bommen ca 870 moh (870m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 36min
Distance 11.0km
Vertical meters 720m
Map
Ascents Gråhøgda (1,543m) 16.06.2013

Vi kom frå teltovernatting ved Follandsvagen etter storturen til Store Sølnkletten mm Alvdal: Store Sølnkletten, Spisskletten og Veslsølnkletten. På vei til Trondheim såg vi etter ein enkel topp med ein viss samleverdi. Valget falt på Gråhøgda, pf over 600, det får holde. Vel ikkje det mest spennande namnet, definitivt ikkje i Finefjellnamn-lista. Kjøyrde opp byggefeltet/boligfeltet sør for Os. (Eller hyttefelt som nokon vil kalle det). Her møtte vi ein særdeles pratsom og hjelpsom kar. Han meinte vi var på heilt feil plass og tilbaud seg å kjøyre foran oss mot Narjordet der bomveien startar oppover. Ikkje enkelt å finne fram meinte han. Vi takka og bukka og han insisterte veldig på dette. Makan til hjelpsomme og blide folk i dette området! Vi skilde lag ved betalingsbommen og han ønskte oss god tur. Kjøyrde til ca 870 meter der vi parkerte ved stengd bom. Resten seier seg sjølv, det er berre å labbe veien oppover. Mykje master og betongklossar på toppen, ganske utriveleg for å seie det mildt. Medan vi åt nista vår var Lise og eg eininge om at dette kanskje er den stusselegaste toppen vi har vore på. Retur samme vei. På vei nedover igjen sat Lise og trykka på mobilen slik ho brukar å gjere til tider. "Hæ? Gråhøgda er i 7 lister, blant anna Norske Kremtoppar" Kva i svartaste Thommesen, har du røyka sokkane dine eller?

Tristaste "kremtoppen" vi har vore på
Tristaste "kremtoppen" vi har vore på

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.