Alvdal: Store Sølnkletten, Spisskletten og Veslsølnkletten (15.06.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Follandsvangen (900m)
Endpoint Follandsvangen (900m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 30min
Distance 20.3km
Vertical meters 1,470m
Map
Ascents Spisskletten (1,690m) 15.06.2013
Store Sølnkletten (1,827m) 15.06.2013
Veslsølnkletten (1,454m) 15.06.2013

Vi kom frå teltovernatting ved Tronsvangene. Kjøyrde til Follandsvangen og parkerte der på tilvist parkering. Fulgte merka sti mot Breisjøseter, etter kvart såg vi stien oppover mot topp 1690. Det heile sa seg veldig sjølv, ikkje noko vanskelege valg her. Vi såg eit turfølge eit godt stykke foran oss. Då vi møtte på dei viste det seg å være ein meget lystig gjeng frå Sparebank1 Hedmark. Dei dreiv med såkalla teambuilding. På Store Sølnkletten var det fotografering med stort flagg. Vi fekk utdelt sitteplater og godt drikke som takk for hjelpa med fotograferinga.

Turleiar for gruppa hadde mykje morro å fortelje om litt av kvart. Når det kom til namn på toppar var det delvis oppklarande. Toppen Sølnkletten Store Vest 1690 har namnet Spisskletten eller Veslsølnkletten. Sidan det og er ein anna topp som heiter Veslsølnkletten blir denne då kalla Store Veslsølnkletten. Toppen Veslsølnkletten kallast og Lisje Veslsølnkletten.

Etter ei god stund på toppen la vi i vei vidare. Tok ned snøfeltet nordover og passerte vest for Klettjørn. Vidare ca 400 høgdemeter opp til Veslsølnkletten eller Lisje Veslsølnkletten. Herifrå gjekk vi ei ganske bein linje mot parkeringa og kom etterkvart inn på stien igjen. Nokre få minutt etter vi kom til parkeringa kom og turlaget frå Sparebanken i fint driv. Fekk enno fleire sitteplater som vi kunne dele utover til venner og bekjendte. Bankkonto og lån kunne dei og fikse. Takka for eit triveleg treff. Kjøyrde eit par km lenger innover og telta ved veien. Lett regn om kvelden ga oss eit nydeleg lys mot toppane. Nok ein god dag i Alvdal.

Kveldsstemning mot Store Sølnkletten
Kveldsstemning mot Store Sølnkletten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.