Alvdal/Tynset: Tron (14.06.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Tronsvangene (840m)
Endpoint Tronsvangene (840m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 06min
Distance 13.2km
Vertical meters 910m
Map
Ascents Sørkletten (1,320m) 14.06.2013
Tron (1,665m) 14.06.2013
Tylldalstoppen (1,653m) 14.06.2013

Vi kom til Alvdal fredag ettermiddag til ei turhelg i for oss eit heilt nytt område. På vei til Tronsvangene stoppa vi innom Spar i Alvdal. Her gjekk det ikkje lenge før 4-5 av damene som jobba der hadde sagt hei til oss. Ein gammal krok med glimt i auga prøvde seg på ein flørt med Lise i kassakøa. Ja her følte vi oss velkomne! Etter handlerunda kjøyrde vi til Tronsvangene. Parkerte der og gjekk mot Tron. Tok av veien og gjekk den fine stien langs ryggen oppover. Tørrt og fint å gå, ingen grunn til å gå veien her! (eller kjøyre!!!). Gjekk først på Sørkletten, så vidare inn på veien igjen.

Frå bua på 1340 moh vart veien mykje dårlegare. Vekslande veir på toppane, litt nedbør og skoddedottar som kom og gjekk. Retur ca same ruta. Slo leir ovafor Tronsvangene i eit etterkvart kjempefint veir. Middag og noko godt i glaset. Litteratur: Varg Veum og Harry Hole. Blikket vårt vandra stadig mot Store Sølnkletten som var planen for laurdag. Første inntrykk av Kjell Aukrust si heimbygd var meget positivt!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.