Monsaskukken og Hellersnuten frå Finnabuvatnet (20.07.2025)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Hellersnuten (1492moh) | 20.07.2025 |
---|---|---|
Øst for Monsaskukken (1608moh) | 20.07.2025 |
Hellersnuten frå Finnabuvatnet har stått på gjere-lista mi lenge, og når kameraten óg hadde den ugjort, tok me turen denne siste dagen i den sjeldne varmeperioden. Me hadde derfor med oss minimalt med klede og utstyr – eg kan knapt huska sist eg var på tur utan lang fjellbukse og ulltrøye.
Me var som venta aleine på parkeringa litt nedanfor demninga i Finnabuvatnet og var enige om at normale folk heller søkte til sjøen i varmen. Og varmt var det, oppunder 20 grader her på 900 moh alt før kl. 10! Då me óg ville få med oss Monsaskukken som er så høgreist og karakteristisk frå mange kantar, tok me peiling beint opp den grøne lia i retning nord-nordvest og eit tydeleg skard litt til venstre. Ganske snart forstod me at det var litt trekk i lufta denne dagen, og den svala godt oppover lia. Seinare skulle me få kjenna at det var meir enn ein trekk – heller ein småkald vind!
Stigninga på 6-700 hm gjekk radig, og det var lettgått på det uvanleg frodige teppet av musøyra. Flanken på denne sida av dalføret reiser seg brattast mot slutten, men me fann ein grei oppgang via det nevnte skardet og kom etter kvart opp i det kuperte toppområdet. Her stifta me bekjentskap med vinden, bl.a. ved at fleire av dei mange bekkane som rann utfor kanten, blei kasta sidelengs og oppover av vinden. I bekkedalen der me kom opp sørvest for Monsaskukken fekk me óg sjå ein fossekall, ellers var det lite fuglar å sjå utanom heipiplerke og steinskvett.

"Skukkjen" er lokalt for loftet – eit ikkje uvanleg navn for eit høgreist fjell. Og der reiste Monsaskukken seg framfor oss som ei markert såte, ja faktisk er det to såter der den austlegaste er høgast og vardesett. Her i toppområdet var det uventa godt med snø, og 1520-tjødna nedanfor toppane var både snø- og delvis iskledd. Via eit drag på sørsida kom me oss greit opp på 1608 og fekk kjempeutsikt til kjende toppar og landskap, spesielt mot Røldalsvatnet og toppane mellom Sauda og Røldal. Det var óg kjekt å sjå att varden på Breifonn 4 km lenger nordaust, der me var heilt tilbake i 2009. Men her på toppen måtte óg vindjakken på, for det var i alle fall frisk bris og småkaldt utan.

Men me skulle 3 km i motsatt retning, og la turen over den lågare nabosåta før me følgte lange snøfelt vidare sørvestover. Om lag halvvegs til Hellersnuten fann me ei fin livdakrå og tok ein god mat- og kaffipause. Den store varden på Hellersnuten hadde me sett heilt frå me kom opp i toppområdet, og nå begynte han å nærma seg for alvor. Me kom oss greit ned til 1380-tjødna nedanfor og tok oss lett opp på den høgreiste og overraskande smale toppeggen. Delvis same utsikten som før, sjølvsagt, men nå óg vidare vestover der hovuddalføret Røldal-Suldal skar seg tydeleg ned i landskapet. Suldalsvatnet heile 1400 hm lenger nede var óg godt synleg frå dette ruvande sluttleddet på fjellryggen.

Nedgangen tok me som planlagt via utløpet av 1380-tjødna og ned ei overraskande ulendt ur til me kom ned i vennlegare grasbakkar. Me trudde nemleg at denne opp- og nedgangen om Storaskar var ein del brukt, men trass enkelte nødlingar virka det ikkje slik. Etter kvart drog me oss austover til der me gjekk opp og tok ein siste kaffipause før me slapp oss ned til bilen.
Ein retteleg flott runde på 10 km, 8-900 hm og 7 timar på tur i makeleg tempo.
Kommentarer