Fagrenipa (04.07.2025)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besteigungen | Fagernipa (685m) | 04.07.2025 |
---|
Nok ein litt blanda dag værdag. Starta med opplett for så å regne. Det ser ut til at kanskje denne sommaren også kjem til å "regne vekk". Men men. Det er vel lov å håpe at vi kanskje får nokre opplettsdagar lell.
Tok sjansen på at det var ikkje for mykje nedbør og reiste ut til Vevring og opp Vassbotnen. Fulgte ruta eg har gått mot Håsteinen tidlegare opp til høgda på Kyrkesteinen. Fulgte ruta frå ut.no vidare austover mot Fagrenipa. Flott utsikt over Førdefjorden frå toppane. Frå den austlegaste toppen på Fagrenipa såg eg at det truleg var mogleg å sikte seg inn på ei rute som er stipla inn på Norgeskart mellom Åmotstølen og Vassbotnen. Stadvis tydeleg sti og stadvis litt mindre tydeleg. Blautt var det i alle fall. Heilt greitt å gå denne ruta, då sparte eg omlag 2km.
Benutzerkommentare