Nevelfjell (08.06.2013)

Skrivet av Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)

Utgångspunkt Nevelåsen (931m.ö.h.)
Slutpunkt Nevelåsen (935m.ö.h.)
Turtyp Fotvandring
Tidsåtgång 1t 42min
Avstånd 7,3km
Höjdmeter 226m
GPS
Bestigningar Nevelfjell (1.090m.ö.h.) 08.06.2013
Noget regn på linsa, men toppbiletet er i alle fall sikra.
Noget regn på linsa, men toppbiletet er i alle fall sikra.

Denne helga skulle eg eigentleg springe Birken.. Eit par veker før greide eg å dra på meg ein strekk i låret på ei buldreøkt, og valde difor og stå over. Men eg blei likevel med nedover til Lillehammer for å heie på andre, og for å besøkja søstersen. Måtte jo sjølvsagt også benytta sjansen til å vitja ein av Noregs kremtoppar: Nevelfjell. Etter å ha heia i mål alle Birkendeltagarane sette vi oss i bilen og dura oppover til Nordseter. Litt trugande skydekke, men fin temperatur så vi la i veg. Flott "motorveg" av ein stig bortetter mellom Reinsvatn og Nevelvatnet. Setrete og fint heilandskap, med godt utsyn utover mot Sjusjøen, Mjøsa og sørover Austlandet. Nesten oppe på toppen byrja nedbøren og koma sigande i form av hagl. Med litt strid sidevind blei det rett så ufyseleg opp mot toppen. På toppen spant vi litt på kompasskiva som syner retninga til dei omkringliggande fjelltoppane, før vi lunta oss opp til toppunktet og tok dei obligatoriske bileta. Flott utsyn i alle retningar her! VIP-utsyn både mot Rondane, Norefjell og sørover Austlandet. Sidan været var mindre samarbeidsviljugt labba vi oss fort nedover igjen. Som vanleg var det ikkje langt ned bakken vi kom før været stilna at, og turen ned til bilen gjekk fort og greit.

Med på tur: Fjelljenta (Anne Løkken)

Kommentarer

Titel:
Tecken kvar: 1000
Kommentarstext:
Du måste vara inloggad för att kunna skriva kommentarer.