Blåtind, Punkt på Skjerdingsdalsbreen og Sætreskarsfjellet (21.06.2025)  4

Written by ddmbeast (David Dagestad Myklebust)

Start point Geirangervegen (Neset) (1,030m)
Endpoint Geirangervegen (Neset) (1,030m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 25min
Distance 16.5km
Vertical meters 1,291m
GPS
Ascents Blåtind (1,663m) 21.06.2025
Punkt på Skjerdingdalsbreen (1,655m) 21.06.2025
Sætreskarsfjellet (1,606m) 21.06.2025

Første tur på det som skulle bli ein innhaldsrik dag. Turfølge vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) pressa på med tidleg avreise frå Ørsta denne morgonen, med ein plan om fleire nye toppar. Då det var skodde og litt surt ved Djupvasshytta tok det uansett litt tid før vi tok laust. Gjekk mot Grasdalsreset og dreia deretter direkte til Blåtinden via Skjerdingsdalsbreen. Rann ned igjen på breen og tross i tett skodde, var det grei skuring og overraskande kort opp/bort til "Punkt på Skjerdingsdalsbreen".

Det var framleis ganske tett, men ryggen vidare mot Sætreskarsfjellet var stor og god. Synd at skodda blokkerte det som truleg var flott utsikt her. Vurderte ei anna rute tilbake til bilen, men underteikna gløymde solbrillene på Blåtind, og då vart dette uaktuelt. Same rute tilbake til Blåtind. Det positive med å gløyme brillene var at vi tok ei meir direkte og fin nedkøyring til bilen. Ein bra tur, sjølv om sola skjulte seg til slutten.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.