Årdal extra (21.06.2025)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Dyreberg sør (1.214m) | 21.06.2025 13:16 |
---|---|---|
Gjerdesnosi (1.251m) | 21.06.2025 13:53 | |
Dyreberg nord (1.226m) | 21.06.2025 15:02 | |
Skorsfjellet (1.322m) | 21.06.2025 15:39 | |
Besuche anderer PBE | Bøttejuv stidele 1 (665m) | 21.06.2025 11:57 |
Bøttejuv stidele 3 (1.160m) | 21.06.2025 15:55 | |
Bøttejuv stidele 2 (1.060m) | 21.06.2025 16:03 |
Det som blei tillegg i dag, var 7,8 km t/r på grusveg sidan eg måtte gå frå vinterparkeringa i Seimsdalen. Litt kjedeleg det, men meir mosjon. Nistepakka var ikkje heilt tilpassa. Sett bort frå transport-etappa, vart det ein fin tur. Frå Skor, ovanfor øvste bygningen, går det sti sørover til Skaret. Vidare var det å følgje høgdene bortetter, til eg dreia litt vest, og godt ned i eit dalføre. Årsak var snøfonn i den bratte sida, eller ei grov ur, som eg heller ikkje hadde lyst på. Hadde eg sjekka 75 meter lenger aust, så finn ein "normal-ruta" som føl høgdene heilt ut. Forholda der i dag, veit eg ikkje. Eg slapp meg ned nokre små ryggar, og så bratt opp til Gjerdesnosi. På returen ville eg ha med toppen av Skorsfjellet og, når eg fyrst var på desse kantar. Slik vart det ein fin rund-tur. Såg ned til stølen i Lindvikdalen undervegs. Utsikta frå store varden på Skorsfjell er flott. Stod over Bøttejuv i dag, sidan magen var tom. Flott ver, og ein fin dag.
Benutzerkommentare