Urdadalstraversen (24.07.2024)
Geschrieben von ArilT (Aril Torheim)
Startpunkt | Leirvassbu (1.424m) |
---|---|
Endpunkt | Leirvassbu (1.410m) |
Tourlänge | 11h 34min |
Entfernung | 21,1km |
Höhenmeter | 1.277m |
GPS |
![]() ![]() |
Besteigungen | Midtre Urdadalstinden (2.060m) | 24.07.2024 08:30 |
---|---|---|
Urdadalstinden S1 (2.032m) | 24.07.2024 08:30 | |
Urdadalstinden S2 (2.005m) | 24.07.2024 08:30 | |
Store Urdadalstinden (2.116m) | 24.07.2024 08:30 | |
Vesle Urdadalstinden (2.010m) | 24.07.2024 08:30 |
Urdadalstraversen
En tur eg har gleda meg til sidan eg starta å kike i 2000 meters bøkene er Urdadalstraversen! Den dukka opp under ryggtravers kapittelet, og skulle være en av dei enklare traversane å starte med.
Turen blei gjennomført i kjent stil slik vi liker det best; tidlig avreise fra Honndalen med retur "just in time" for mor sin heimelaga pizza.
Det låg eit litt lavt skydekke ned i toppane i det vi ankom Leirvassbu, men det skulle bli gradvis lettare utover dagen med unntak av ei byge i 11 tida.
Turen starta med anmarsjen gjennom Kyrkjeglupen og ned Visdalen. Etter at stien kryssa elva i Visdalen satt vi kurs opp mot Semelholstjønne. Vidare sikta vi oss inn på lavaste punkt på ryggen mellom Store og Vesle Urdadalstind. Her måtte ei stor steinur passerast for å komme opp til ryggen.
Når vi nærma oss toppen av ura traff regnbyga som var meldt. Vi tok oss derfor ei god pause, og lagde oss real turmat til lunch medan vi venta på at vêret skulle lette.
Etter påfyll av mat begynte vi å kunne skimte toppen igjen, og tida for toppstøtet var inne. Vi toppa ut ryggen, og fulgte denne vidare til topps.
På toppen klarna det opp, og vi hadde rå utsikt mot Hellstugutindane, ned Visdalen og tilbake mot Leirvassbu.
Vi tok no til på traversen over Vetle, Midtre og vidare til dei Søre Urdadalstindane. Her møtte vi fleire litt luftige passasjer og klyvepunkt, der det toppa seg rundt og etter Midte. Nokon av passasjane kunne en unngått ved å trekke litt ned i sida, men vi valgte å følge toppegga heile vegen.
Fra dei Søre Urdadalstindane vart ryggen brei igjen. Herfra starta den seige utmarsjen ned gjennom Semelholet, tilbake til stien i Visdalen og oppgjennom Kyrkjeglupen. I det vi passerte punktet kor vi kom ned frå Tverrbytthornet året før ser det ut som vi nærma oss Leirvassbu, men her er det fortsatt tre kvarter igjen tilbake til parkeringa.
Colaen smakte som alltid godt i det vi kom tilbake til bilen!
Takk for turen!
Startzeitpunkt | 28.07.2024 07:30 (UTC+01:00 SZ) |
Endzeitpunkt | 28.07.2024 19:05 (UTC+01:00 SZ) |
Gesamtzeit | 11h 34min |
Zeit in Bewegung | 7h 45min |
Pausenzeit | 3h 49min |
Gesamtschnitt | 1,8km/h |
Bewegungsschnitt | 2,7km/h |
Entfernung | 21,1km |
Höhenmeter | 1.277m |
Benutzerkommentare