Nesheim kyrkje - Vaksdal - Vestland (19.04.2025)
Skrevet av FjellEggen (Jan Eggen)
Andre besøkte PBE'er | Nesheim kyrkje (451moh) | 19.04.2025 |
---|
Besøkt 14.15
Her er det IKKE Kirkeskip
Nesheim kyrkje ligg langt oppe i Eksingedalen, der vegen tek av sørover mot Evanger. Det er den første kyrkja på staden, og ho vart oppført i 1907 ”i en liden birkemo på gaarden Nesheims indmark ca. 30 m. fra den gamle hjelpekirkegård” på grunnlag av teikningar av arkitekt Ad. Schirmer utførte for Eksingedalen kyrkje.
Tømmeret til kyrkja kom frå garden Eikemo lengre nede i dalen, skifer til taket vart henta på Voss. Det vart også brote stein på garden Gullbrå som ligg lengre oppe i dalen. Stein til grunnmur vart funnen i Oksahaugen, Vikahaugen, Stegaviki og Kleivhaugane.
John Fosse hadde ansvaret for grunnmuren, sønene hans, Torkel og Knut Fosse, var ansvarlege for sjølve bygget. Målararbeidet vart utført av målarmeister Småbrekke frå Bergsdalen.
Kyrkjestaden ligg inst på ei flate i dalbotnen og er orientert med koret nokre få grader nord for aust.
Kyrkja vart vigsla av biskop Erichsen 17. september 1908.
Bygningen
Kyrkja er ei langkyrkje med rektangulær plan som omfattar kor og skip. Over vestre møne står ein takryttar, framfor vestveggen eit vindfang eller våpenhus. Mot austveggen står eit seinare tilført sakristitilbygg over bårerom og vaskerom og toalett. Opphavleg hadde kyrkja eit mindre sakristilbygg.
Vegger
Sjølve kyrkjebygningen er oppført i lafteplank og langveggene og vestveggen er avstiva ved hjelp av opplengjer som er feste til plankane med jarnbolt og mutter. Kvar langvegg har fem opplengjer som deler rommet opp i fire fag med høge vindauge i veggene og i to smalare fag lengst aust og vest i bygningen, utan vindauge. Vestveggen har to opplengjer, desse går noko utafor veggene i våpenhuset. Austveggen er ikkje inndelt. Utvendes er kyrkja kledd med liggjande bord over eit brystvern av ståande bord som er avslutta ved horisontal list under vindauga. Alle opplengjer er markerte utvendes med ståande bord feste til panelet. Vestfasaden har utvendes fått eit mønster av liggjande og ståande bord som også fungerer som gerikter for to vindauge.
Våpenhuset er i reisverk og opphavleg. Sakristiet er i reisverk og sekundært. Utvendes er dei kledde som kyrkja elles.
Innvendes har veggene våre måla, men står no utan måling med unntak av opplengjene. Utvends er alle vegger kvitmåla.
Kommentarer