Blæja i draumevær (12.06.2025)

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 06min
Distance 6.9km
Vertical meters 584m
Map
Ascents Blæja (1,143m) 12.06.2025

Køyrde frå Ørsta, ferge frå Volda til Folkestad, så bil inn Dalsfjorden, og opp den ganske spinnville vegen frå Åmelfoten til Dansen. Eg tok igjen ein lastebil (!) på veg oppover. Han hadde ikkje nok svingradius i hårnålssvingane og måtte rygge fleire gonger i kvar sving. Han slepte meg forbi den eine staden det gjekk an. Då grusvegen starta, var det gravearbeid i høgre grøfta pga noko kabling så det ut som, så vegen var veldig smal. Men eg kom fram til Dansen utan å møte andre bilar, og hadde ingen problem heldigvis. Og så deilig å starte turen på nesten 600 hm!
Eg gjekk aleine og hadde bestemt meg for å gå ei tryggast mogleg rute, så eg gjekk dalen både inn og ut, Kjerringane får andre kose seg med.
Då eg kom inn i dalbotnen, svinga eg til venstre og prøvde å halde meg mest mogleg på tørr grunn. Eg hadde ikkje stavar, og det hadde vore smart på snøfonnene oppover. Men eg burde berre ha gått ut på dei store snøfelta, for då det tørre berget var slutt, var snøskrenten så bratt, at eg skjønte at det var risikabelt å prøve å lage trappesteg oppover. Om eg byrja å gli i det henget, ville det bety rask rustjing rett ned i ura. Har høyrt historier om slike ulukker, så eg gjekk litt nedatt og valde å klyve rett opp ura til høgre. Måtte bruke hendene heile vegen, men det var berre snakk om ca 80 hm, så det var greitt. Og då eg kom opp, var eg oppe ved den søndre varden på direkten. Gjekk bort til den flotte firkanta varden, og hadde der eit utruleg utsyn i alle retningar. Det var strålande sol og på det næraste vindstille, så eg hadde ein nydeleg rast på kvilesteinane som er lagde som ein benk mot sør. Temperaturen var ideell å gå i, las 12 grader på biltermometeret då eg starta, og 17 då eg kom nedatt.
Returen tok eg ved å følgje raudmerkt trasé, og ved å ta ein lengre og slakare boge nedatt på snøfennene.
Møtte ingen og kjende meg priviligert som kan ta ein slik tur ein torsdag tidleg i juni - i kombinasjon med festspel og styremøte i Aasentunet.
Såg fleire snøspurv, steinskvett og høyrde heilo. Såg den dessverre ikkje.
6,89 km, 584 hm, 3 t og 6 minutt på tur inkludert god pause på toppen. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.