Dokka og Moldura (01.06.2025)
Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen)
Bestigninger | Dokka (756moh) | 01.06.2025 |
---|---|---|
Moldurda (837moh) | 01.06.2025 | |
Andre besøkte PBE'er | Nykshytta (455moh) | 01.06.2025 |
Gangbro Brekkelva (364moh) | 01.06.2025 | |
Gangbro ved Nykshytta (450moh) | 01.06.2025 | |
Gangbro ved Vikastølen (219moh) | 01.06.2025 | |
P-plass ved demma (80moh) | 01.06.2025 |
Søndagstur. Trassa værmeldingane og fann ut eg skulle ta ein tur til Dokka. Gjekk opp Ranen. Men traff på tett tåke på veg opp. Godt det er tydeleg sti og god merking heile vegen.
Null utsikt frå toppen av Dokka. Det letta litt etter kvart. Tok ein liten rast på Nykshytta og då såg det ut til at tåka letta skikkelig. Så då blei det peiling på Moldurda. Men før eg nådde toppen var tåka på plass att. Og attpåtil kom vinden. Då var det berre ein ting å gjere og det var å komme seg nedatt. Frå Nykshytta og ned såg det an til at tåka forsvann og både Dokka og Moldurda strålte i sola. Av og til bommar eg rett og slett med timingen. Jaja. Det får bli neste gong då....
Kommentarer