Rambjøra, Huldrehornet og Rjåhornet (25.05.2025)  3

Skrevet av ddmbeast (David Dagestad Myklebust)

Startsted Myrvåg Omsorgssenter (9moh)
Sluttsted Myrvåg Omsorgssenter (9moh)
Turtype Fottur
Turlengde 2t 39min
Distanse 15,2km
Høydemeter 988m
Kart
Bestigninger Bakkehornet (328moh) 25.05.2025
Huldrehornet (271moh) 25.05.2025
Nakken (180moh) 25.05.2025
Rambjøra (132moh) 25.05.2025
Rjåhornet (600moh) 25.05.2025
Andre besøkte PBE'er Hillehornet (160moh) 25.05.2025
Nakken parkeringslomme (30moh) 25.05.2025
Huldrehornet parkeringslomme nord (25moh) 25.05.2025

Parkerte ved Myrvåg Omsorgssenter, og det var ikkje mange meter med asfalt før ein skilta sti mot Rambjøra byrja, omtrent gjennom ein hage. Fin sti til topps. Tok ein liten avstikkar på veg tilbake før eg kryssa Myrvågvegen og følgde grusvegen langs Djupvikvatnet. Her byrja den godt merka stien mot Huldrehornet. Solid sti gjennom fin furuskog. Frå toppen tok eg ein litt bratt sti nedover mot sør, denne stien fusjonerte etter kvart med stien som går frå Djupvik mot Rjåhornet. Her måtte eg hoppe over ein hoggorm, og eg mista dermed piffen. Det som var ein joggetur, vart til ein gåtur, då ormen knakk meg mentalt.

Resten av turen gjekk sakte, men i flotte omgivnadar. Etter Rjåhornet følgde eg ein sti mot Bakkehornet og ut på eit flott utsiktspunkt ved Hillehornet. Vidare gjekk turen innom Nakken og ned til Djupvikvegen. Jogga på asfalt og grus tilbake til bilen, og det var ein fin slutt på turen.

Totalt sett ein grei tur.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.