Tua (16.05.2025)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 2h 00min
Entfernung 5,9km
Höhenmeter 589m
GPS
Besteigungen Tua (1.012m) 16.05.2025 18:26

Dagens andre tur. Køyrde opp Stigedalen, inn ved ski-anlegg, opp Fladalen til Movatnet. Her var det ein stor parkeringsplass, med vel halvdelen i inngjerda felt. Her tenkjer grunneigarane på at husdyra ikkje skal gjere skade på bilar. Fantastisk, og rimelege kr 20 for parkeringa. Tavle med omtale av turar, og sitjebenkar ved start. Skilt og raude merke ved turstart, og vidare sti heile vegen mest sannsynleg. Ja, for i øvste tredjedel av ruta var det mykje snø-heilt enno. Ein liten bom på rutevalet opp, men toppen såg ein, så ganske uproblematisk. Fantastisk utsikt også herifrå. Det er noko med toppar som har høg primær-faktor. Sjølvsagt. Sunnmørsalpar og Eidskyrkja mest markert. Brukte lit tid her, gikk ned til vesle varden, og då med utsikt til bygda Bjørke. Ganske kjapp tur dette, med ein del snø å lange ut på i øvste del på veg nedatt.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Så kjekt

    Geschrieben von ligroenb 16.05.2025 22:31

    Å se flotte turbilder fra Eid

    • -
      avatar

      Sv: Så kjekt

      Geschrieben von Esone 16.05.2025 22:42

      Dei to toppane i dag gav stor opplevelse. For ei utsikt, og rette tida med snø på toppar. Brukte over ein halvtime og berre kika frå Trollenykjen.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.