Frå Nagatjødnane til Dalen over Revafjellet (11.05.2025)
Written by Kaare_70
Ascents | Guromyrfjellet (584m) | 11.05.2025 |
---|---|---|
Revafjellet (728m) | 11.05.2025 | |
Revafjellet vest (712m) | 11.05.2025 |
Maitur høgast i Jørpelandsheia, dag 2
Søndag morgon ved Nagatjødnane hadde eg planar om å ligga litt frampå, men i 7-tida var det like godt å koma seg ut av hengekøya. Då var både fuglesongen og sola såpass påtrengande at det ikkje var nokon sjangs til å sova vidare. Eg pakka sekken og tok meg ned det korte stykket til Nagaheia der eg ville eta frukosten øvst på heia med morgonsola beint imot.
Eg hadde avtale om å bli henta ved Liarvatnet i 1230-tida og hadde derfor uendeleg god tid. Planen var å bare kosa meg over Revafjellet og kanskje gå ned til Dalen via Guromyrfjellet. Men først var det tid for varm middag til frukost, noko som smaka herleg etter gårsdagens kaloriforbruk.
Etter frukosten fekk eg med meg både hovudtoppen og vesttoppen på Revafjellet, men frå sistnevnte tok eg meg ned mot Holtjødna via skardet sør for toppen. Det var lettgått ned til tjødna og herleg å fylla opp vannflaska etter den relativt salte måltidet. Frå tjødna tok eg meg opp på høgdedraget på nordsida og fekk ny utsikt både mot Foreneset og Småsildalen med «hodna».
Etter å ha følgt den velbrukte, men ganske dårlege stien ned til stemmen i Svortingsvatnet, tok eg valget om å avslutta turen via Guromyrfjellet. Eg hadde jo gått opp dit frå Dalen før jul og visste at det ville vera greit å gå ned den vegen. Ved Svortingsvatnet sa eg «hei» til eit par teltarar før eg svingte oppover det langdryge myrpartiet i retning Guromyrfjellet. Med oppakninga var det tungt oppover her, men tilsvarande god trening.
Endeleg oppe på fast grunn ved stidelet mot Dalen la eg ifrå meg sekken og fekk med meg hovudtoppen på Guromyrfjellet 3-400m lenger sør. Herifrå var det bare å stokka beina ned den gode, men bratte stien ned til Dalen der eg blei henta ein halvtimes tid før tida.

Fasit for denne korte turdagen blei om lag 8 km, 500 hm og 4 ½ makelege timar på tur, og så var det klart for familieselskap på Førland. Av fugle- og dyreobservasjonar må eg nevna ein orrhane som brasa opp av krattet på Revafjellet og ein stor og flott raudrev som sprang føre meg oppunder toppen av Guromyrfjellet. Takk endå ein gang til fine Jørpelandsheia!
User comments