Hareid/Ulstein: Storebroren pf 50 komplett (23.05.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Brørevatnet (340m)
Endpoint Brørevatnet (340m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 30min
Distance 29.0km
Vertical meters 1,950m
Map
Ascents Bjørnenakken (487m) 23.05.2013
Breidfjellet (535m) 23.05.2013
Breifjellet (424m) 23.05.2013
Grøthornet (569m) 23.05.2013
Holstadhornet (531m) 23.05.2013
Kiberget (438m) 23.05.2013
Mosvarden (553m) 23.05.2013
Sarshornet (543m) 23.05.2013
Signalhornet (627m) 23.05.2013
Skafjellet (573m) 23.05.2013
Skolma (635m) 23.05.2013
Smørkinna (533m) 23.05.2013
Sneldelida (634m) 23.05.2013
Storebroren (620m) 23.05.2013

Hadde målt fram og tilbake på kartet før denne turen. Planen var å ta alle toppar nord på Hareidlandet i ein tur, oppunder 3 mil. Enda opp på denne rekkefølgja: Brørevatnet -> Smørkinna -> Skolma -> Grøthornet -> Signalhornet -> Sneldelida -> Tørlingeskaret -> Holstadhornet -> Skafjellet -> Mosvarden -> Bjørnenakken -> Kiberget -> Breifjellet -> Breidfjellet -> Sarshornet -> Storebroren -> Brørevatnet.

Då eg kom til Ulsteinvik låg skodda ned på toppane ut mot havet. Kjøpte kart (hadde eigentleg tenkt å gå utan). Kart og kompass kom vel med undervegs. Papirkart Ålesund 1119-1 rimeleg til salgs om noko er interessert. Kjøyrde til Flø, ein artig plass med Moods of Norway-butikk og mange spesielle bolighus. Betalte bomavgift 50 kr til Brørevatnet. Turen i seg sjølv er vel ikkje mykje å berette om. Skodda letta på Sneldelida, og la seg tett igjen mot Breidfjellet. Frå Sneldelida til Litlevatnet hadde eg sol og nydeleg ver. På siste topp, Storebroren, kom eg over skodda igjen og fekk fin utsikt. Møtte her far og datter som var og samla poeng eller namn. Eit snodig system med namn på skilt som skal samlast inn. Frå Storebroren gjekk eg bratt rett vestover ned i dalen. Runda så nordover igjen mot veien. Terrenget er lettgått i øvre delar. Gode stiar og fast og fint. I dalar og søkk er det myr og tuer, meir tungt å gå. Rundturen kan anbefalast om ein reknar 8-10 timar i bra driv.

Skodda letta på Storebroren. Far og datter på vei vidare austover på poengjakt.
Skodda letta på Storebroren. Far og datter på vei vidare austover på poengjakt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.