Hardangerjøkulen igjen (06.04.2025)  5

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjellskitur
Turlengde 5t 30min
Distanse 23,5km
Høydemeter 762m
GPS
Bestigninger Hardangerjøkulen (1861moh) 06.04.2025

Etter flott langtur i går, frå Finse gjennom Kyrkjedøri til Geiterygghytta og tilbake via omnsvatnet til Finse, var eg litt mør då eg starta turen mot Jøkelen i dag, sundag. I går var det skyfritt og vindstille, med temperaturar rett under null, i dag var det også skyfritt, men vi hadde noko vind frå vest. Dessutan panserføre, og eg var open for å snu om det blei for slitsamt å gå på den knallharde skaren. Men etter ein liten pause på Appelsinhytta, følgde eg med dei i gruppa som ville vidare, og kom meg opp til Jøkelhytta utan altfor store problem. Men i det siste bratthenget tok eg av skia, for det var så hardt at det var vrient å kante skia, og halvfellene sat ikkje godt nok. Vi åt niste på Jøkelhytta, og gjekk så med sur vind rett mot over breen. Eg var den einaste i følget oppom toppunktet. Nedkøyringa var knallhard med masse frosne spor, men eg kom meg no greitt ned. Eg gjekk med Knut, Ellen, Jenny og John Erik. 23,5 km, 762 hm, var borte i 5,5 timar. Dett var sjette gong eg er på denne fylkestoppen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.