Sluten -Oftedalen -Lærdal (05.04.2025)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Skvettebottshøgdene (1.534m) | 05.04.2025 15:24 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Smeddalsvatnet parkering (942m) | 05.04.2025 09:04 |
Valdresdalen Bom (950m) | 05.04.2025 09:06 |
Fantastisk langtur på ski i høgfjellet. Turen i regi av Lærdal turlag er ein tradisjonstur. Det blir hevda at det var nokre som byrja gå ruta regelmessig rundt 1950. Seinare har turlaget gjort den til ein fast årleg tur rundt påsketider. Lite snø, og nokre gonger av og på med ski, fyrste etappe opp og inn Valdresdalen. Vidare på godt skare-føre. Fyrste matpause etter 2 timar ved Nåbottjørnane. Vidare opp til vatnet Løken. No fin køyring ned frå fleire vatn, med litt staking innimellom, til eit lite opptak mot Kvamsvatnet. Ein nydeleg dag med stille og skyfri himmel. Etter Kvamsvatnet meir stigning, og småkupert mot Steinhustjern. Rast like før vatnet. Over vatnet, og fine stigningar heilt opp til varden på Skvettebottshøgdi. Framifrå utsikt på veg opp, og frå toppen. Minipause her. Så runda me ein haug på høgre side, og fann fine renn ned mot Blåsarbåttjørni. Litt justering av utstyr, og siste stigninga skrått mot Helleskaret. Tredje og siste matpause, og feller av for godt i dag. Dei fleste nytta kortfeller av mohair (blå). Eit par nytta klister. No 600 høgdemeter nedover til Øvre Oftedalsstølen. Skare nokre stader, og parti med mjukare snø, aukande lenger ned. Men relativt føreseieleg føre, og greitt å komme ned denne etappa. No vart det ski på sekken, og siste 800 høgdemeterane ned til Ofte-grendi. Godt mør og sleten i føter, kne og lår etter endt tur. Stor kvalitet i å ha gjennomført, og inntrykka sit godt i minnet.
Benutzerkommentare