Andre Rust-tur i år (22.03.2025)  6

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjellskitur
Turlengde 5t 00min
Distanse 20,0km
Høydemeter 550m
GPS
Bestigninger Rustfjellet (1166moh) 22.03.2025

Tom og eg bar skia på skaren frå Valedammen til forbi Bratsberg. Der tok eg på fjellski m feller og Tom fjellski med klister. Vi gjekk forbi hytta ved Gåsevatn der vi snakka litt med Øyfrid og Viggo; vi var samde - sjølvsagt - om at det var ekstremt lite snø i år. Opp Gåsevassdalen og runda så opp i retning Skavlen i dalen bak Rust. Vi skremde opp ein flokk orrfugl, truleg den same som eg gjekk på i februar, dei var omtrent akkurat på same staden. Vi åt niste i Skavlen, og så gjekk vi opp til under toppen der vi gjekk frå skia og gjekk på beina med stavar på hard skare og delvis bart. Vi var først på høgaste toppen og då bortom mobilbua der vi kosa oss litt i solveggen med litt meir le enn på den andre toppen. På veg ned møtte vi eit par som hadde gått på trug frå Markin. Vi delte oss så; Tom returnerte same veg, medan eg gjekk om Hovdestaul, Bøle og Gjevar heim. 20 km, dryge 500 hm og var borte i 5 timar. Tom var med.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.