Indrevågefjellet (22.03.2025)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 2h 31min
Entfernung 6,4km
Höhenmeter 580m
GPS
Besteigungen Indrevågefjellet (683m) 22.03.2025 16:04

Var litt spent på denne. Det såg bratt ut. Såg eit drag, og litt oppe i sida var det ein stein med raudt merke. Derifrå sti, og det var det for det meste, til ein kom opp på fjellet. Måtte følgje litt med, og nokre vardar var til hjelp i det brattaste partiet. Før ein kom dit, var det ein flatare parti med gras. Her tenkte eg å halde fram på skrå oppover. Så sjekka eg på høgdekvotar. Då vart det tydeleg, at herifrå skulle eg ganske rett opp. Etter litt såg eg to raude merker under ein bratt skrent. Her måtte ein gå på eit lite hylle-galleri, og så rett opp ei ur. Merka dukka opp att, og no vart stien på nytt betre att. Så dette gikk fint det, sett bort frå at det var skikkeleg strevsamt. Då det flata ut oppå på fjellet, møtte det meg sterk motvind. Vinden måtte eg slite med heilt bort til toppen. Etter eit stund sjekka eg appen, og 1,3 km att. Eg sjangla meg over fjellet i vindkasta. På toppen velta den meg. Returen med vind i ryggen var greiare, og no slo den av nokre sekund-meter. Gikk oppom eit platå med ein varde på returen, men her saknast grøn nål. Fin utsikt til havet frå varden. Så var det å sleppe seg nedatt mot ruta eg kom opp. Gikk litt forbi, utan at det hadde betydning. Her kunne ein gå ulikt, sett bort frå at det var greitt å finne at skaret til bratt-ruta nedatt. Det gikk egentleg greiare nedatt enn tenkt. Var trøytt, men det gikk fint. Ved bilen kl 17:05, som var 5 min. seinare enn eg stipulert dei to turane til, då eg køyrde heimafrå kl. 9:05 i dag. Skriv den på vinden ;)

Vakkert mot Portafjellet
Vakkert mot Portafjellet
Mot Blægja, Synste stauren med fleire
Mot Blægja, Synste stauren med fleire
Toppen oppå fjellet med varde
Toppen oppå fjellet med varde
Mot Håsteinen
Mot Håsteinen
Havet mot Florø
Havet mot Florø
Toreheia
Toreheia

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.