Stora Grånosi (16.03.2025)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 2t 45min
Distanse 11,7km
Høydemeter 768m
GPS
Bestigninger Stora Grånosi (1566moh) 16.03.2025 13:47
Andre besøkte PBE'er Vårparkering Snøveien (945moh) 16.03.2025 14:29

Då det var meldt fin sol, måtte det bli topptur på ski i dag. Å kva skal ein velje då ? Det stod mellom Sulefjellet frå Maristova og Stora Grånosi frå "Sluppen". Såg at det var brøyta veg i Erdal til hyttefeltet, og då vart turen derifrå. 15 km køyring, og starta på 850 moh. Brøyta eit par hundre meter forbi hyttefeltet. Ikkje snu-plass, og ikkje varsla. Då blei det rygging ned mot hyttene, og snu der det var brøytt møte-plass. Det var parkert 4 bilar, og skispor ved start. Ca. 1 km til Vardahaug, og fint innover Modlaugsbotn. Lite snø. Fann eit flatt parti med trygg kryssing av elv. Så bar det jamnt oppover i retning toppen. Fint å gå i soli. Frå fjellfoten og opp var det lite snø og hardt. Eg har ikkje sett så mykje stein stikke opp her, sjølv ikkje seint i april. Angreip toppen litt meir frå vest, og følgde på lag eit dalføre. Hardt med greitt, og toppen nærma seg. Plasserte skia litt lenger ned enn vanleg, og gikk til fots sist ca. 200 meter til varden. Her møter ein vakker utsikt til fjord og fjell. Kika litt rundt, og tok nokre bilete. Litt vind på toppen, men ikkje plagsamt. Nedatt var det fyrst hardt underlag, men det er greitt å køyre på. Mellom 1300 og 1200 såg det så fint ut med litt laus snø øvst. Men det var parti med hard snø under, som skia vekselvis flaut og braut på. Då er det vanskeleg å få til køyre-flyt. Eit par nesten fall, då eg braut i gjennom, og det er for hardt til å skyfle bort skare-flaka. Lenger ned var det finare å køyre. Måtte pausa, då lår-syra kom ganske kjapt. For lite ski-trening denne sesongen. Som skuldast mest lite snø og dårleg føre. Håpar at det kan komme noko påfyll fram til påske. Og ikkje for mildt. Då kan det bli nokre turar til i år.

Stora Grånosi nærma seg.
Stora Grånosi nærma seg.
Varden og ferje på sambandet Fodnes-Mannheller.
Varden og ferje på sambandet Fodnes-Mannheller.
Flotte fjorden, og Hurrungane strekkjer seg.
Flotte fjorden, og Hurrungane strekkjer seg.
Mot Bleia.
Mot Bleia.
Mot Fresvik-åsen, fjorden og Leikanger.
Mot Fresvik-åsen, fjorden og Leikanger.
Fjell i Aurland/Fresvik.
Fjell i Aurland/Fresvik.
Mot Hornsnipa og Blåskavlen.
Mot Hornsnipa og Blåskavlen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.