Oppdal: Blåhøa og Søndre Falkfangarhøa (17.05.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Raudøra (670m)
Endpoint Raudøra
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 32min
Distance 24.9km
Vertical meters 1,220m
Map
Ascents Blåhøa (1,673m) 17.05.2013
Søndre Falkfangarhøa (1,368m) 17.05.2013
Langs Blåhøtjønna
Langs Blåhøtjønna

Vi vakna på Oppdal til strålande ver og nasjonaldagsfeiring. Turen på Ilfjellet var alt gløymt.Rennebu: Ilfjellet Ein kjapp titt på TV medan vi åt frokost fortalde oss at ting er som før. 138 barneskular i toget i Oslo, Blomster-Finn i studio, teite spørsmål frå diverse folk med mikrofon og kongefamilien vinka fint som dei alltid gjer. Kunne muligens vært reprise frå i fjor utan at vi hadde reagert. Vår feiring av dagen blir som vanleg ein fjelltur, dagens mål ein riktig høgpf frå Gjevillvatnet.

Blåhøa 17. mai 2013
Blåhøa 17. mai 2013

Parkerte på den store parkeringsplassen på Raudøra. Såg bra ut med snø oppover. Den var riktignok blaut og det vart ein del avpåavpå med skia. Etter ei stund tar vi igjen far og son som har tenkt seg på Blåhøa. Dit kom dei aldri, son sleit med noko gnag på hælen, forma og motivasjonen såg middels ut. Nordover langs Gravbekken innser vi at å krysse her er umuleg, heilt opp til Blåhøtjønna. Bakkane opp mot Kamtjønnin langs sommarruta var bare og snøfrie. Då la vi turen langs Blåhøtjønna og opp Svarttjønnbekken. Ein person med 2 bikkjer holdt godt tempo eit par km før oss. Det viste seg å være ei nederlandsk jente som hadde bodd i Norge lenge. Hadde ein lang prat med ho når vi møtte ho på retur. Kom til topps på Blåhøa i nydeleg ver men litt lei vind på toppen. Snudde nedover igjen og hadde matøkt med fin utsikt nordover mot for oss ukjendt terreng, Snota, Trøllhøtta og Svarthøtta. På returen ville vi oppom Falkfangarhøa. Herifrå greidde vi å finne samanhengande snøfelt til å komme oss heilt nedigjen utan å måtte av med skia. Flott tur og 17.mai, på tampen av skisesongen. No vart det telting ved Gjevillvatnet og oppladning til morgondagens tur, Seterfjellet frå Vangshaugen. Sunndal: Seterfjellet og Råstu

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.