Skopphornet mai 2013 (18.05.2013)  5

Written by Ingodingo (Inge-Andre Johansen)

Start point Erstad (40m)
Endpoint Erstad (40m)
Characteristic Snowshoe trip
Duration 4h 00min
Distance 10.5km
Vertical meters 1,216m
Map
Ascents Erstadfjellet (1,084m) 18.05.2013
Skopphornet (1,226m) 18.05.2013

Lenge sidan sist eg var over 1000moh, så det var vel på tide! Eg la avgårde heimeifrå kl 1345 etter å ha brukt morgontimane på å leite etter solkrem. Det var 25 grader ute så antrekket blei shorts og t-skjorte. Det blei tidlig klart at snøsmeltinga var godt igang då eg såg Tverråna kaste seg nedover skogen i voldsom støy og sprut! Oppe ved skoggrensa delte elva seg i fleire løp nedover småkrattet. Snøen dekte delvis elveløpa og krattskogen var tett der det ikkje var snø, så løysinga på det problemet var å balansere seg opp midt i elveløpa og håpe eg ikkje tråkka gjennom. Det gjekk bra med unntak av ein gong, men eg slapp å få skoa fylt med vatn. Det skulle dei bli på returen i stadenfor. Snart var eg på tørt land i steinura på Erstadfjellet og kunne uten vidare problem ta meg opp til toppen. Eg måtte på med trugene når deg gjensto ca 100 høgdemeter, men sjølve toppen var smelta fram. Vidare frå Erstadfjellet kunne eg gå langs ein snøfri rygg mot Skopphornet, men etterkvart måtte trugene fram att. Ikkje noko særlig å gå uten truger på blandinga av slush, sørpe og vatn...Etter ei kjapp matpause på toppen var det å kome seg nedover att, det er jo alltids etkvart ein skal rekke! Det vart fort klart at å gå nedover på trugene førte til at bakleggane vart dusja av slush. Infernalsk kaldt, men etterkvart so blir ein so nummen at ein ikkje kjenner smerten lengre! Skoa vart snart fylt med iskald slush, men det må ein berre rekne med på ein slik tur. På dei brattaste strekkene var det som å stå på miniski, det var berre å seile ned på trugene. Ingen dramatikk i elvekryssinga og stien vart raskt lokalisert. Eg var heime 4 timar og 18 minutter etter avreise. Det synes eg var i overkant raskt, men eg får gi trugene æra for den tida

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.