Vølstadnutane (15.02.2025)
Geschrieben von olgamariet (Olga Marie Torsvik)
Besteigungen | Vølstadnutane (636m) | 15.02.2025 |
---|
Nyyyydelig lørdag, sol og FRI! Då er det få ting som er bedre enn å snøre på seg turskoa og komme seg ut.
Denne senderen har eg kalt for "Oltedals Eiffeltårn" i mange år. Og til tross for mangfoldige turer til Hågå, så har eg aldri vore med senderen før. Det blei ein veldig motiverende tur, for når me kom litt oppøve bakken så åpenbarte heile heia seg - og her er det mange turer å glede seg til! :D
Ein ANNA dag riktignok, for DENNE dagen var MEGET kald oppi høyden. Det blåste sjukt mye, snøen fåkka seg i hauer så det var tundra nåken steder og skavler andre steder. I siste skaret rett før toppen var det nesten vindtunell i mot oss -brrrr! Eg synes egentlig med holdt ein jevn og god fart oppøve, men jammen kom det ein kar i dongeribukse og vindjakke "spaserende" i ein veldig fart forbi oss, hmf.
MrStolen gjorde ein innsats for å få laus den bånnfryste geocachen som låg på toppen, uten å fryse ihjel sjøl, og eg slo av ein prat med den sporty herren som hadde most forbi oss. Han kom fra Øksnevad og hadde ikkje vore forberedt på vinter, så han hadde måtte sette opp farten for å holde varmen. Forståelig. Eg blei mildt innstilt til heile fyren når forklaringa hans ikkje indikerte at eg e treig.
På veien heim svippa me innom Spinneriet, og traff en tidligere kollega fra Hommeland. Ho fortalte at ho hadde gått på søndagsskule i Oltedal, og jentene på søndagsskulen trudde at senderen var et prinsesseslott <3
Takk for cachen og takk for turen!
Benutzerkommentare