Mullurdfjellet (26.01.2025)

Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Startpunkt Tronvik vest (25m)
Endpunkt Tronvik vest (22m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 17min
Entfernung 10,8km
Höhenmeter 968m
GPS
Besteigungen Mullurdfjellet (844m) 26.01.2025

Etter ei lang veke med lengre arbeidsdagar og mykje møteverksemd i tillegg til restane av Eowind som ikkje akkurat gav fristelse til å komme seg ut. Det såg an til å komme nokre solstrålar, så her gjaldt det å smi mens jarnet er varmt. Reiste til Kyrkjebø og parkerte ved sjukeheimen. Fulgte godt merka rute opp via Ljotebøstølen og Kyrkjebøstølen. Og på vegen opp kom sola fram, noko som absolutt gjev godfølelsen. Det var litt snø det siste stykket opp til Kyrkjebøstølen, men tok likevel sjansen på at det ikkje var for mykje snø opp til Mullurdfjellet. Og det var tung, men likevel overkommeleg det siste stykket opp til toppen. Og når sola skin så fint, kven bryr seg då om at det er litt tungt???? Retur via Kyrkjebøstølen og Naveset. Og i det eg sette meg i bilen for å køyre tilbake til Førde kom dei fyrste dropane med regn.
Og på vegen heimatt blei føret meir og meir krevjande, men eg klarte å komme meg heim før kaoset i Halbrendslia var eit faktum. "timing is everything".

Ved Ljotebøstølen
Ved Ljotebøstølen
Litt snø innover mot Kyrkjebøstølen
Litt snø innover mot Kyrkjebøstølen
Eg kan ikkje klage når sola endeleg dukka opp
Eg kan ikkje klage når sola endeleg dukka opp
Eg kan ikkje klage når sola endeleg dukka opp
Eg kan ikkje klage når sola endeleg dukka opp
Utsikt frå Mullurdfjellet
Utsikt frå Mullurdfjellet
Utsikt frå Mullurdfjellet
Utsikt frå Mullurdfjellet
Utsikt frå Mullurdfjellet. Sognefjorden
Utsikt frå Mullurdfjellet. Sognefjorden
Kyrkjebøstølen
Kyrkjebøstølen
Gapahuken på Naveset
Gapahuken på Naveset

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.