Fureviksnipa, Skinnbroka og Fauskevarden (18.01.2025)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Start point Nordheitunnellen (457m)
Endpoint Nordheitunnellen (457m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 40min
Distance 12.4km
Vertical meters 761m
GPS
Ascents Fauskevarden (853m) 18.01.2025
Fureviknipa (750m) 18.01.2025
Skinnbroka (829m) 18.01.2025
Skoravarden (807m) 18.01.2025
Visits of other PBEs Nordheitunnelen p-plass (457m) 18.01.2025

Det var lova opplett i dag. Og med så mykje regn som har komme den siste tida og snø som ikkje har "sett seg", så forsvann snøen fortare enn svint.
Etter kvart så letta det og det var mogleg å komme seg ut ein tur. Tykkjer runda rundt Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden er ganske fin runde. Tenkte eg skulle ta ruta frå parkeringsplassen ved Nordheia og gå over elva. Den var faktisk litt større og litt striare enn vanleg, så eg plumpa uti eit øyeblikk. Bra med vind på toppane, så det gjeld å "halde på hatten". Då er det jammen godt å ha ein vindtett jakke for å ikkje bli for kald. Faktisk heilt OK å gå utan broddar denne dagen, men klyvepartiet under toppen av Fauskevarden vart for isete for min del, så då blei det å gå ruta ein vanlegvis går på ski.
Stort sett fin tur, men med litt blaute sko. Rett før parkeringsplassen vart himmelen rosa, noko som gjorde det litt meir idyllisk.

Ikkje mykje snø på Fureviknipa
Ikkje mykje snø på Fureviknipa
Litt tåke i sikte. Denne letta etter kvart.
Litt tåke i sikte. Denne letta etter kvart.
Mot Fauskevarden frå Skinnbroka
Mot Fauskevarden frå Skinnbroka
Fauskevarden
Fauskevarden
Utsikt austover frå Skoravarden
Utsikt austover frå Skoravarden
Utsikt frå Skoravarden, vestover
Utsikt frå Skoravarden, vestover
Flott himmel denne ettermiddagen.
Flott himmel denne ettermiddagen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.