Vardhusheia og Krunefjell m.fl. på ski frå Målandsdalen (11.01.2025)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Bergeheia (706moh) | 11.01.2025 |
---|---|---|
Krunefjell (723moh) | 11.01.2025 | |
Salane (658moh) | 11.01.2025 | |
Vardhusheia (761moh) | 11.01.2025 | |
Andre besøkte PBE'er | Brogaheia våpenkonteinere (645moh) | 11.01.2025 |
Nytt år, kuldegrader og det eg trudde var gode snøforhold i Jørpelandsheia fekk meg til å ta turen til Boremyr i Målandsdalen endå ein gang for å koma opp i favorittheia mi. Så viste det seg at det var mykje mindre snø her i indre strok enn på Karmøy der eg bur, men heldigvis nok til at det trass alt var skiføre det meste av tida. Nå hadde det rett nok kome ein del snø i det siste, men kraftig vind frå sør og aust hadde dessverre sopa mykje ned i lesidene i nord og vest.
Eg starta i alle fall med godt mot frå Rv. 13 i ti kuldegrader og var oppe ved Målandsvatnet etter bare timen. Då var det skiføre i alle fall frå bommen på traktorvegen, men oppe på heia var det tynt snødekke med svært mykje lyng som stakk opp. Lyng var ikkje noko problem med mine gamle fjellski, men eg måtte sjølvsagt unngå dei verste steinane. Men sporsnø var det i alle fall, og det krydde av spor etter både rype og mange slag pattedyr. Eg kan nevna både elg, rådyr, rev, hare og mange smågnagarar, både mus og røysekatt/snømus. Levande vilt var det likevel ikkje å sjå av noko slag.

Første målet var flyttblokka på Brogaheia der me i haust sette opp minnesmerket etter det allierte våpensleppet her i 1944. Eit 17. mai-flagg var tatt med og fekk plassen sin på minnesmerket, eg tenker helst at det kan bli ein tradisjon for meg etter kvart. I alle fall er det vel verd i år, å markera 80 år sidan frigjeringsvåren 1945! Etter å ha vore oppe i morgonsola eit stykke frå Målandsvatnet, kom eg nå inn i skyggen av Vardhusheia som var neste mål, men vel oppunder toppen var eg i sola att. 15. gang på kremtoppen måtte feirast med matpause på stupkanten, og i sol og vindstilt vêr var det bare å nyta stunda.


Vel nede ved minnesmerket att var det blitt sol der óg, og så gjekk vegen oppom ura der containerrestane framleis ligg. Planen vidare var å gå vest til toppen av Krunefjell, og etter ein snarvisitt oppom Bergeheia gjekk det radig ut til det flotte utsiktspunktet. Med Tysdalsheia, Reinaknuten, Liarvatnet og ikkje minst vakre Forenesvatnet nedanfor, er Krunefjell óg ein verkeleg kremtopp, men med ganske få besøkande.
Tilbake på ryggen nord for Bergeheia følgte eg denne vidare nordover og tok ein ny avstikkar vest til toppen av Salane. Herifrå er utsikten ned til Tysdalsvatnet og over mot indre delar av Holtaheia førsteklasses. Men tida går fort når dagen er kort, og herifrå var det bare å gjera vendereis til bilen.
Om lag 20 km, 950 hm og 6 ½ timar på flott tur!
Kommentarer